tirsdag 26. desember 2017

Rikard Berges arkiv og samlingar ved Telemark Museum og på www.telemarkskilder.no

 Av Tor Kjetil Gardåsen

Trykt i Årbok for Telemark 2015


I Årbok for Telemark i 1988 hadde eg ein artikkel med tittelen «Litt om Rikard
Berges handskriftsamling ved Fylkesmuseet for Telemark og Grenland».
Artikkelen gjorde greie for dei arkiv og samlingar etter Rikard Berge som var
blitt kjøpt inn til Fylkesmuseet frå Rikard Berge sine arvingar etter at Berge
døydde i 1969. Artikkelen gjorde greie for kva desse arkiva og samlingane inne-
heldt, korleis dei var ordna og på kva måte ein kunne finne fram i materialet.
Bakgrunnen for at det no kjem ein ny artikkel er at det sidan 1988 har skjedd
svært mykje når det gjeld materialet etter Rikard Berge. For det første har det
kome meir materiale til museet frå Berge sitt hus i Frogner Ring 18 i Skien. Det
er Vigleik Kleven, Berge sin dotterson, som har sytt for å få dette materialet til
museet. Mykje kom inn i åra 2011 og 2014.
Den andre viktige hendinga er at Høgskolen i Telemark som ein del av prosjek-
tet Telemarkskilder frå 2011 har scanna materialet etter Rikard Berge og lagt det ut på prosjektet si nettside. Det er svært gledeleg at Høgskolen ønskte å prioritere Berge sitt materiale. Blant andre arkiv som er lagt ut i Telemarkskilder kan nemnast arkivet etter familien Aall med m.a. statsråd Niels Aalls arkiv. Elles
inneheld www.telemarkskilder.no eit allsidig arkivmateriale med gamle aviser,
organisasjonsarkiv o.a.
Utlegginga på Telemarkskilder er eit stort og viktig skritt i retning av å gjere
Rikard Berge sitt materiale tilgengeleg. Høgskolen si avdeling på Notodden ved
bibliotekar Gerd Simones og innleid arbeidshjelp (studentar og andre) klarte i
løpet av få år å scanne seg gjennom det veldige materialet med bortimot 700
skrivebøker i hovudmaterialet og om lag 110 av Berge sine registerbøker (emne-
katalogar).


Vår største kulturgranskar?

Rikard Berge var fødd i Rauland i 1881 og døyde i Skien i 1969. Han vaks
opp på Berge hjå morfaren, Rikard A. Berge (1815-1902). I ung alder hadde
han tatt til å samle inn munnleg tradisjon og nedteikna stoff av etnologisk,
folkloristisk, personal- og slektshistorisk og kulturhistorisk karakter i vid
meining. Dei første nedskriftene blei etter det han sjølv har notert i den første
av skrivebøkene sine gjort i 1897. Han var da 16 år gamal.
Berge tok lærareksamen på Notodden og var lærar i Kviteseid ei tid. Medan han
var her tok han del i å skipe bygdemusea i Kviteseid og Fyresdal. På denne tida
var han og i full gong med å nedteikne tradisjonsmateriale i telemarksbygdene.
Han gjorde dessutan reiser til arkiva i København for å ta avskrifter av doku-
ment som omhandla Telemark.
I 1916 vart han konservator og styrar av Fylkesmuseet for Telemark og Grenland.
Han var da ein etablert og respektert granskar av folkeminne og folkekultur.
«Rikard Berge var folkekulturgranskar i vid meining – museumsmann, tradi-
sjonssamlar, tekstutgjevar og forfattar,» skriv Magne Myhren. Av det omfatt-
ande forfattarskapet hans kan ein trekke fram kulturhistoriske monumental-
verk som Norskt Bondesylv og Vinje og Rauland, folkloristiske arbeid som serien
Bygdedikting fraa Telemarki og Norsk sogukunst og spelemannsbiografiar som
Myllarguten og Gibøen. I stil og uttrykksmåte ragar språket til Berge høgt som
sakprosa.
Det veldige livsverket hans på nær sagt alle område lar seg knapt femne korkje
i artikkel eller i bok. Her skal vi berre ta opp ei side, dei tradisjonssamlingane
han har etterlete seg.

Arkiva etter Rikard Berge

Det var i 1970 at Fylkesmuseet for Telemark og Grenland tok over hovuddelen
av det handskrivne materialet etter Rikard Berge. Det var Halvor Landsverk,
da styrar ved Fylkesmuseet, som m.a. med midlar frå Norsk Kulturfond, sørga
for å få kjøpt inn materialet. Eit stort kulturhistorisk stofftilfang frå Telemark
var dermed sikra. Utanom det skriftlege materialet omfatta samlinga voksrull-
opptak av spelemenn og kvedarar.
Rikard Berge sitt materiale hadde vore nærast legendarisk i Telemark. Den
første nummererte boka, bok nr. 1, «Memoarer» er datert 1900. Rett nok hadde
Berge bruka frå materialtilfanget sitt i dei mange artiklar og bøker han ga ut
gjennom åra. Likevel omfattar materialet langt meir enn det som nokon gong
har kome på trykk.

Det er to hovudregister til materialet:

I.   
Rikard Berge sine eigne katalogar
Dei om lag 800 skrivebøkene som Berge skreiv ned i utgjer sjølve hovud-
materialet. Som den systematikaren Berge var laga han imidlertid sitt eige svært
omfattande register til dette materialet. Berge sitt register til innhaldet i skrive-
bøkene er eit stikkordregister etter emne. Registeret er på kring 110 skrivebøker
(katalogar), nummererte med romartal og med kvart sitt emne (sjå døme nedan-
for). På kvar bokside er det ført opp understikkord og tilvising til i kva for ei av
skrivebøkene og på kva for side i boka det er å finne stoff om akkurat det emnet.
For kvart stikkord kan det vere mange referansar til bøker og sider. Her er nokre av emna i katalogane:
Katalogar over stoff til bygdebøker
«Telemark og Grenland Fylkessoge» «Allmenne emne som kjem igjen i fleire
bygdar» «Katalog yvi bygdesoge Vinje og Rauland» «Katalog yvi Seljord Soga»
«Katalog yvi Kviteseid Soga» «Katalog yvi Molands sogo (Fyresdal og Mo)».
Katalogar over etnologiske emne
«Byggekunst» «Køyrereiskap» «Hus og heimil, ljos og ljosstell» «Norsk Bonde
-maaling, (Numedal, Hallingdal, Austlandet med Øysterdalen, Gudbrandsdalen
og Valdres)» «Klædebunad» «Reinleiksstell, vask o.a.» «Katalog yvi matlaging»
«Katalog yvi norskt bondespel» «Katalog yvi leikir» «Norsk saum og vevnad»
«Katalog yvi ølbollerim» «Huslydliv paa Island i sogetidi»
Folkloristiske emne «Folkemedicin» «Norsk Folketru» «Naturdyrking» «Bergvette» «Vatsvette» «Mannevette» «Trolldom» «Eld- og luftvette m.m.» «Historske segnir» «Segnir fraa Gudbrandsdalen, Øysterdalen, Austlandet m. v.» «Katalog yvi folkevisur» «Katalog yvi gamlestev» «Katalog yvi slatterim» «Katalog yvi baansullar» «Katalog yvi bygdedikting» «Yvisyn yvi samlingar og samlarferdir» «Katalog uvi sogemenner» «Tussar».

II.    
Fortløpande register utarbeidd ved Institutt for folkeminnevitskap/
Norsk folkeminnesamling i 1970-åra. Database med registeret
I 1970-åra, kort tid etter at materialet kom til Fylkesmuseet, vart dei folkloristiske
delane av materialet fotostatkopierte ved Institutt for folkeminnevitskap ved
universitetet på Blindern i Oslo. Det vart tatt tre fotostatkopiar: ein til Norsk
folkeminnesamling, ein til Akademiet i Rauland (no Høgskolen i Telemark,
avdeling Rauland), seinare overført til Lokalhistorisk arkiv i Vinje kommune
på Høgskolen i Telemark, avdeling Rauland, og ein til familien etter Rikard
Berge. Den siste kopien har så langt blitt oppbevart ved Fylkesmuseet. Kopiane
vart lagde i konvoluttPersonkort med tilvisingar til materialet.
Boknummer er i romartal, sidenummer i
vanlege tal.
Framside på ei av Berge sine registerbøker (katalogar), «Bergvette» og eksempel på sider med reg-
isteropplysingar.ar med påskrive bok- og sidenummer. Fylkesmuseet batt
seinare arka inn til større bøker for å gjere dei lettare å bruke.
I samband med kopieringa av materialet laga Velle Espeland, som sto for
kopieringsarbeidet ved folkeminnesamlinga, eit fortløpande oversyn over
innhaldet i bøkene. Dette er ei detaljert liste over innhaldet side for side i
bøkene.
På 1980- og 1990-talet blei denne handskrivne fortløpande nedteikninga skrive
inn i eit databaseprogram. Dette blei gjort av Margit Haukvik ved Fylkesmuseet.
At dette kom over i databaseform gjorde at materialet no vart digitalt søkbart og sorterbart. Databasen inneheld dei fire emnfelta bok nr., side nr. tittel på bok
og innhald på side.
Databasen fyller over 13000 innførslar, så både Velle Espeland og Margit
Haukvik har gjort ein stor jobb. Saman med Berge sitt eige emneregister i dei
110 katalogane er denne databasen det viktigaste hjelpemiddelet for å finne
fram i materialet, t.d. dømes kva som er skrive ned i ei bygd, ein gard, om eit
emne osb. Databasen er førebels lagt under Arkivportalen, ei felles nettside for
norske arkiv. Det er laga lenke til den frå Telemark Museum si heimeside.
Side av Velle Espeland si fortløpande registrering av Rikard Berge sine nedteikningar.
Registreringa vart gjort i samband med fotostatkopieringa i 1970-åra.
Ein tar imidlertid sikte på å leggje databasen inn i eit eige databaseprogram og
deretter leggje han inn under Telemarkskilder saman med det andre.
Innhaldet i materialet
Rikard Berge si handskriftsamling er stor og omfattande, og ingen har eit
fullstendig oversyn over ho. Berge skreiv ned i skrivebøkene sine stort sett
i kronologisk ordning og let dei gå inn i samlinga etter kvart som dei vart
fullskrivne. Dei fleste bøkene har Berge sjølv skrivi, t.d. når han var på
samlarferd til ein stad. Desse bøkene kan ha titlar som «Oppskrifter fraa Veum
– Laardal 1913», «Oppskrifter fraa Øifjell, Rauland 1914 – 15» eller «Dalane
(fatiggarden)». I tillegg er det bøker i materialet som er skrivne av andre og
sendte til Berge, som «Uppskrifter fraa Mo av H. G. Kaldbast 1917-20»,
«Oppskrifter fraa Gjerstad, skrivne av Lars Skeldsø», «Oppskrifter av Nils O.
Dalen, Øvre Bø, 1914 – 19» osb. Eller det er bøker der kona, Johanna Bugge
Berge, har samla stoffet, som t.d. ei bok med viser, bånsullar, slåtterim, leikar
og kulokkar samla inn i Gudbrandsdalen og Vågå. Elles inneheld samlinga òg
anna stoff, t.d. originalmateriale i form av eldre visebøker og skillingstrykk.
Geografisk går materialet langt utanfor Telemark, t.d. har han motteke skrivne
bøker frå heimelsmenn i dei fleste nabofylka.
Kva slag hovudgenrar av stoff finn vi i Rikard Berge sitt materiale? Det meste er
naturleg nok knytta til bygdekulturen, der han hadde sitt sterkaste interessefelt.
Det er lite stoff frå t.d. by-, kyst- eller industrikulturen. Innafor bygdekulturen
er det derimot fleire genrar som merkar seg ut.
I materialet fins det stoff om folkekunst, snikring, timbring, svarving, smedarbeid («Sylv, jarn, gravst, mekanik»), om handverk, som myrjarnbrenning og kunsten å lage tynsleljå, kruthornskurd og sliremakararbeid eller om folkemusikk som slåttar og stoff om spelemenn. Mykje av stoffet som er samla på reiser har dessutan karakter av kulturgeografiske registreringar der det vert opplyst at på den og den garden er det kiste måla av den og den målaren, loft skoren av den og den treskjeraren osb. Vi finn registreringar frå ein stor del av bygdene i
Telemark.
Stoff om personar og ætter er samla inn som grunnlag for ættesoger. Det kan
vere om Berge-ætta, eller «Bergsingane», Svalastogætta og Juve-ætta i Øyfjell.
Dette materialet er vel serleg samla med tanke på ættesogedelen i bygdebøker,
t.d. i bydebøkene for Vinje og Rauland. Ei av skrivebøkene har tittelen
«Erindringer om merkelege begivenheder, slægter, personligheder». Her er òg
bøker med avskrift frå kyrkjebøkene, t.d. for Rauland og Vinje, Grungedal
og Nesland mellom 1717 og 1814. Dette personalhistoriske stoffet gir oss òg
innsyn i særtrekk ved personar, som Bratt Bjørnsson som var så ørande liten,
Olav Lindeviki, ein sterk og spretten kar, eller om Svein Sondovlid, som «var
ein rev».
Det er nok likevel innafor den folkloristiske genren at mykje av stoffet i Rikard
Berge sine nedskrifter ligg. Her utgjer dei nyare folkelege visene ein stor del,
viser med titlar som «Aa Margjit Norgarden gjeng aa masar», «Reve visa», «Eg
veit ein liten gut han heiter lille Jon – », «Ein skreddare mæ sin naal og traa
– » osb. Nyare og eldre viser, «Laagfolkeleg poesi» (Skillings-dikt), «Visur og
reglur», «Visur og tonar», som er nokre nemningar Berge gir dette stoffet, er
rikt representert. Ikkje alle vil kan hende vurdere alt dette nyare visestoffet like
høgt. Det som er nedteikna i bøkene er skrive ned etter kvart som den som den
som fortalde kom på det, og Rikard Berge har freista flittig å notere seg det
han fekk fortalt, eller tatt vare på det han fekk sendt, utan noko vurdering av
stoffet der og då. Han var nok sjølv merksam på at kvaliteten av det han fekk var ujamn, i forordet til Norsk Visefugg frå 1904 skriv han dette: «Vil ein i vår tid ut
på sank etter verkeleg folkedikting, so fær ein snart kjenne, d` er lite lønnsamt
arbeid. Ein maa skrapa botnen av den kista, ein for 50 aar tilbakar fann full av
store rikdomar. Og finn ein eitkvart henta gullkorne, so fylgjer der so mykje bys
attaatt.» Han skriv at Landstad ynskte seg attende til Willes tid. «Eg for min
part ynskjer meg attende til Landstads tid (1850)».
Desse invendingane må likeve ikkje kome i vegen for rikdomen i stoffet han
samla. Det er folketru og folkemedisin, segner om spøkeri, leikar og kulokkar,
barnerim og regler, ordtak og segner, gåter og stev. Og den humoristiske
undertonen ligg sjeldan langt unna, t.d. i segner som «mannen som fekk operert
bort samvitet sitt og vart sakførar».

Katalogar og avskrifter

Utanom serien med dei nummererte skrivebøkene finst det ein eigen serie med
katalogar og avskrifter. Desse kom inn til museet i 2011 og 2014 og har ein
eigen nummerserie med romartal. Ved museet er desse ordna i askar med num-
mer frå 1 til 14. Dei inneheld avskrifter av t.d. bøker og viser, skifte, tingbøker,
avskrifter frå Sophus Bugge, Moltke Moe og L. M. Lindemann sine samlingar,
kladdar og manuskript til Berge sine bøker og mykje anna av ulikt slag.

Upubliserte bokmanus

Eit par upubliserte manus av Rikard Berge kan vere verd å nemne. Dette er
manus til ei bok Vinje og heimbygdane og manus til Norsk samlerbog af Richard
Berge
(Båe Ask 12). Norsk samlerbog er ei handbok i arbeid med musé og
samlingar og inneheld mange tankar om korleis slikt arbeid bør gjerast. Manuset
Vinje og heimbygdane er eit manus som hadde fortent ei publisering, t.d. i ei
lokalhistorisk årbok, ein skriftserie eller som ei eiga bok utgjeve av historielag
eller andre.

Opptak med fonograf på voksrullar

Kring 1912 kjøpte Berge seg fonograf med det føremål å gjere lydopptak av
spelemenn og kvedarar. Skåpet med fonografrullane. Rullane ligg i papphylster
som er merka med slått, spelemann og opptaksår.
Frå åra mellom 1912 og 1923 fins det opptak på 233 rullar, gjerne med fleire
opptak på kvar rull. Den som det er flest opptak av er spelemannen Knut Dale
frå Tinn, i alt kring 100 rullar. Nokre slåttar er òg spela av Johannes Dale.
Andre spelemenn er O. og Knut Fyrileiv. Kvedarar er «mor» (mor til Berge,
Sigrid Rikardsdotter Berge (1854-1943)?). Side av maskinskrive liste over alle voksrullopptaka mellom 1912 og 1923, i alt 233 rullar. «K. D.»
står for Knut Dale, som har spela inn ein stor del av slåttane.
Namna på spelemann og kvedar er skrivne utanpå papphylsteret saman med
namnet på slåtten og opptaksår. Etter at rullane kom til museet vart det laga ei
maskinskriven liste over opptaka.
På 1970-talet blei rullane overspela av ein representant for Riksfonoteket i
Stockholm. Dei blei spela over på spoleband. Desse er seinare blitt kopierte
til kassettband og vidare til digitalt format. Det er kopiar av dei i Telemark
Museum og Folkemusikkarkivet i Telemark. Dette er førebels den einaste inn-
spelinga av heile materialet. Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana har seinare spela
over på nytt einskilde opptak, m.a. for balladeprosjektet, ein del av dokumenta-
sjonsprosjektet ved Universitetet i Oslo.
Den som høyrer på rullane vil snart merke at her er det mykje av både hakking
og skraping. For eit utrena øyra kan det vere vanskeleg å oppfatte at dette er
musikk i det heile teke. Trena folkemusikarar meiner imidlertid at dei har nytte
av opptaka som ein innfallsport til gamle slåttar og den nedarva spelemåten.
Det har vore på tale at rullane burde spelast over på nytt med ny teknologi no 40
år seinare. Det er likevel uvisst om ein vil få vesentleg meir ut av originalrullane
enn det ein gjorde på 1970-talet.
Når det gjeld opptaka fins det ei interessant bok, registerbok nr. 88 «Um upp-
takingi». Her har Berge ført inn utsegner og vurderingar knytt til dei einskilde
opptaka med merknader som «Ikkje fullgod» (3b Ragnhild Hægard), «Sjeldsynt,
godt, noko sterkt innsp.» (9 Luraas-slaatt) «Er uppteken 1⁄2 + 1 gong, seinste
gongen med noko hakk, so han er kje godt innspela» (6 Paal (Lytnantdrengen))
«Ikkje fullgod, hakkar på slutten» (16 Luraasslaatt) «Klen, hogg og dauvetok»
(15 Rjukanfoss) «Tolleg mange hopp» (14b Hellosen).

Johanna Bugge Berge sine teikningar av folkekunst

 Kona til Rikard Berge, Johanna Bugge Berge, var fødd i Christiania i 1874 og var
dotter av professor Sophus Bugge. Johanna og Rikard trefte einannan i Kviteseid
og gifta seg i 1908. Johanna var utdanna i målarkunst, m.a. ved Den kongelige
Tegneskole i Kristiania og var elev hjå Harriet Backer, Gerhard Munthe og
Erik Werenskiold. I Telemark har ho mellom anna måla ei rekke portrett av
amtmennar og fylkesmennar i fylkestingssalen på fylkehuset og kopiert portrett
av slektene Løvenskiold, Aall og Cappelen til dei slektshistoriske romma på
Søndre Brekke.

Johanna var med Rikard på samleferdene, og mens Rikard skreiv ned etter
heimelsmennene sine, sat Johanna og gjorde skisser og teikningar av gjenstandar,

hus og innbu, i første rekke ting med dekor og folkekunstmotiv som kister,
skåp, drakt, tekstil, smiarbeid o.a. I ein handskriven katalog «Bilæt-emne» fins
det registreringar av Johanna sine teikningar. Registreringa omfattar i alt 1518
nummer.
Om lag ein tredel av teikningane og akvarellane er i dag i Lokalhistorisk arkiv i
Vinje kommune, dit dei vart innkjøpte saman med bøker frå Rikard Berge sitt
bibliotek på 1970-talet. Lokalhistorisk arkiv ved Ingrid Skjøtskift har laga ei
liste over nummera på dei teikningane dei har. Ein annan tredel er i Telemark
Museum, dit dei kom i 2011. Kari Bjercke har laga ei liste over nummera på
desse teikningane, som også er digitalt avfotograferte av museet. Til saman er
altså om lag to tredelar av Johanna sine teikningar i protokollen «Bilæt-emne»
oppbevarte i arkiv og musé.

Rikard Berge sine fotografi

Ein var lenge kjent med einskilde fotografi som Rikard Berge hadde tatt, men
ikkje kor mykje han fotografera. I 2011 blei imidlertid Berge sitt negativarkiv
levert til Telemark Museum. Bileta var på glasplate og bladfilm, og kvart
negativ var nummerert og ført inn i protokollen «Bilæt-emne» under bolken
«Fotografi». Til saman er det registrert 425 opptak her.
Bileta er i hovudsak av hus, innbu, gjenstandar og folkekunst. Innimellom finst
det fine bilete av persongrupper. Slik fotodokumentasjon har sjølvsagt stor verd
der dei tinga som er fotografera ikkje finst på staden lenger.
Protokollen inneheld òg ei liste «Fotografi (Kopiar utan negativ)». Desse er
ikkje tatt av Rikard Berge. Ei fjerde liste er «Øystein Vesaas kopiar paa Brekke
Museum».

Rikard Berge sitt bibliotek

Rikard Berge hadde eit stort bibliotek. Spøkefullt blei det sagt at Berge hadde
to val, anten å flytte til Kristiania der Universitetsbiblioteket låg, eller å etablere
sitt eige universitetsbibliotek heime hjå seg. Han valde noko i retning av det
siste.
Biblioteket låg i andre etasje i Berge sitt hus. Etter at Berge var død kom ein
del av tidsskriftene til Fylkesmuseet, medan ein del bøker, m.a. samlinga av
bygdebøker frå heile landet og bøker om kunsthandverk, til saman om lag 200
titlar, vart kjøpt inn til det nystarta Akademiet i Rauland. I dag er dei i Vinje
lokalhistoriske arkiv. Ein del av teikningane etter Johanna Bugge Berge blei
kjøpte inn samtidig.
I 2012 var det ein stor bokauksjon over bøker etter Rikard Berge hjå Eek i Skien.
Til auksjonen utarbeidde Eek ein katalog med alle titlane. Denne gir eit oversyn
over kva Berge hadde i sitt bibliotek. Nokre av bøkene blei på auksjonen kjøpt
av Telemark Museum og Vest-Telemark museum. Alt som ikkje vart selt blei
etterpå gitt til Telemark Museum. Også på dette området har lokale muse og
arkiv mottatt mykje etter Rikard Berge.
I nokre av bøkene hadde Berge gjort eigne notatar. Desse bøkene vart
avfotograferte av Telemark Museum før auksjonen, slik at denne informasjonen,
med m.a. referansar til litteratur og eigne nedskrifter, er tatt vare på.

Avslutning

Ein reknar med at det aller meste av materialet etter Rikard Berge no er sikra i
arkiv og musé. Det veldige stofftilfanger blir i ei kjelde å ause av i generasjonar.
Men stoffet krev granskarar med tolmod, interesse og maurflittige arbeidsrutiner.
Det er tusenvis av sider som må skumlesast, både i register og hovudmateriale,
om ein vil hente fram stoff om eit særskilt emne. Det kostar slit å få noko ut
frå Berge-materialet. Den som gir seg i kast med det vil som løn få føle veldet,

dimensjonane og perspektiva hjå denne store kulturgranskaren.




Litteratur:

Gardåsen, Tor Kjetil: «Litt om Rikard Berges handskriftsamling ved
Fylkesmuseet for Telemark og Grenland» Årbok for Telemark 1988.
Hundre år på Brekke. Porsgrunn 2009.
Myhren, Magne: «Rikard Berge (1881-1969)». Norsk biografisk leksikon. 1999-
2005.
Ormebrek, Sigrid Ljosdal: Johanna Bugge Berge. 120 års minne. Øyfjell 1994.
Nettadresser
https://www.telemarkskilder.no/
https://www.telemarkmuseum.no/

Bilete

Rikard Berge i arbeid. TGM-B.19403

Gløtt inn i skåpet med metallboksane.
Berge oppbevara dei meir enn 700 klad-
debøkene i kjeksboksar av blikk frå Sætre
kjeksfabrikk. Kanskje var tanken bak valet
av metallboksar at desse skulle stå mot var-
me dersom det vart brann. Vi får berre vere
glade for at Berge aldri fekk høve til å prøve
branntryggleiken i dei tunne metallplatene
i praksis.


Ein kikk ned i ei av boksane med skrivebøkene.
Bøkene er nummererte med romartal frå I og
oppover og boksidene med vanlege tal. Boksane
har lok med pålodda hengsle og klaff for hengelås.



Personkort med tilvisingar til materialet.
Boknummer er i romartal, sidenummer i
vanlege tal.
Framside på ei av Berge sine registerbøker (katalogar), «Bergvette» og eksempel på sider med registeropplysingar.



Rikard Berge sin
fonograf.
Telemark Museum. 


Sokkesaum fraa Huse, Heitdal. Akvarell frå 1910 av Johanna Bugge Berge. Reg. nr. 337.
Hallvord Dalane: Skaapspegil 1853. Hardthol, Seljord.
Akvarell frå 1910 av Johanna Bugge Berge. Reg. nr. 357.
Rosemåla hengeskåp frå Tinn dat.
1804. Akvarell frå 1918 av Johanna
Bugge Berge. Reg. nr. 845.
Registerprotokollen «Bilæt-emne» med registrering av
Johanna Bugge Berge sine teikningar og Rikard Berge sine
fotografi.
Sider frå protokollen «Bilæt-emne» med registrering av
Johanna Bugge Berge sine teikningar av folkekunst o.a.
Teikningane er førte inn i desse rubrikkane: 1. Nr. 2.
Tingen, slag, namn, maate, 3. Kunst-mann, handverkar,
verkstad 4. Tid, aar 5. Bygd, gard, rom 6. Eigar, fyrre eigar
7. Aar kopiera 8. Kva slags kopi 9. Kven kopiera.
Eksempel på innføring: «21 Sidemotiv paa sendingskurv, K. Østerholt, Eikja, Bø, Telem., Augund
Eikja, Akvarel J. B.»

To sider frå protokollen Bilæt-emne med registrering av fotografi tatt av Rikard og Johanna Bugge
Berge. Fotografia er ført inn under desse rubrikkane: Nummer, Namn og ting, Aar, Brukeleg i
kopi, el. teikn, Heimstad, Eigar, Aar teki, Av kven, Negativ ell. kopi.
R.B 136 Felland. Felland i Mo. Foto: Rikard Berge 1911.
R.B 201(1av 4 pl) Folk på Berge i Rauland. Gamle Rikard Berge nr. 2 frå høgre.
Foto: Rikard Berge 1906.
Årbok for Telemark 2015
R.B 545. Jon Sollids huslyd, Åmotsdal. Foto: Rikard Berge 1924.

Tor Kjetil Gardåsen

Fødd i Skien i 1950. Mag. Art. i etnologi 1976. Førstekonservator NMF. Tilsett ved Telemark Museum frå 1976. Har skrive ei rekke bøker og artiklar om lokalhistorie og norsk kulturhistorie.




onsdag 7. desember 2016

Tor Kjetil Gardåsen Bøker og artikler 1976 - 2015


Tor Kjetil Gardåsen
Bøker og artikler 1976 - 2015


1976/77
Byggeskikk og boligforhold i Solum 1870 - 1910. Mag. avh. i etnologi 1976. Utgitt av Institutt for etnologi 1977.

1977
Riktig utbedring av gamle hus. Utgitt av Foreningen til norske Fortidsminnesmerkers Bevaring, Telemark avdeling 1978. 12 s.

1980
Bymiljøer fra i går til i dag. Byminner 17. Utgitt av Selskapet for Skien Bys Vel. 1980. 111 s.

1981
”Hvor ble det av husenes karakter?” 2/3 av alle førkrigshushus i Grenland ødelagt etter krigen. Fortidsvern 4/1981. 4 s.

1982
”Arkitekt Heinrich Karsten og hans virke i Skien og omegn.” I Telemark Historie. Tidsskrift for Telemark Historielag 1982. s 85 - 126.

1984
Med gamle kart gjennom Skiens historie. (Sammen med oppmålingssjef Thor Inge Rødseth). Skien 1984. Byminner 19. Utgitt av Selskapet for Skien Bys Vel. Skrevet s. 15 - 136.

””Knut Fotografen”. Litt om Knut Berdal - ein av dei fyrste som fotografera i Vest - Telemark.” I Telemark Historie. Tidsskrift for Telemark Historielag 1984. s. 126 - 133.

Lokalstoff i telemarksavisen Varden 1880 - 1899. En oversikt utarbeidet av Fylkesmuseet for Telemark og Grenland. Skien 1984. (Stens.)

1985
Skienskalenderen 1985.

1986
Slik var Skien. En kulturhistorie med bilder fra fotograf R. Nyblins samling. Skien 1986. 221 s. Utgitt av Fylkesmuseet for Telemark og Grenland.

1987
””Til Hygge, sund Oplysning og alt som er ædelt og skiønt.” Om Gjerpens frisindede Ungdomslag de første år.” Årbok for Telemark 1987. S. 104-121.

1988
”Litt om Rikard Berges handskriftsamling ved Fylkesmuseet for Telemark og Grenland.” Årbok for Telemark 1988. S. 70-76.

Skagerakkysten - en kulturhistorie i bilder. Skien 1988. 152 s. Utgitt av Fylkesmuseet for Telemark og Grenland.

Livet på telemarksbåtene. Skien 1988. 136 s. Utgitt av Fylkesmuseet for Telemark og Grenland.

1989
Siljanbilder. Glimt fra bygdas kulturhistorie. (Sammen med lærer Øyvind Valle.) Skrevet s. 32-35 og redigert boken. Skien 1989. Utgitt av Fylkesmuseet for Telemark og Grenland.

Om å ta vare på gamle gjenstander. En orientering fra Fylkesmuseet for Telemark og Grenland.

1990
Den store telemarksboka. Skien 1990. 152 s. Utgitt av Fylkesmuseet for Telemark og Grenland.

Hilsen fra Skagerakkysten. Natur og kultur langs Norges sørkyst. Skien 1990. Bildehefte. 27 s. Utgitt av Fylkesmuseet for Telemark og Grenland.

1991
Kystens fortellere (red.) Skien 1991. 184 s. Utgitt av Fylkesmuseet for Telemark og Grenland.

”Skiens første brannbil på veien igjen.” Årbok for Telemark 1991. S. 90-99.

1992
Fylkesmuseet for Telemark og Grenland. Fører til samlingene. Skien 1992. Supplering av fører. (12 sider) Utgitt av Fylkesmuseet for Telemark og Grenland.

”Gløtt gjennom sluseporten - bakover og forover.” I Dalland, Øystein og Per H. Misund: Bandakkanalen. Oslo 1983, ny utgave Bø 1992. S. 19-26.

”Livet på telemarksbåtene - omkring et intervjumateriale fra kanalen og båtene.” I Kanalen 100 år. Telemark Historie. Tidsskrift for Telemark Historielag nr. 13 - 1992. S. 65-74.

Industriarbeiderboligen i Grenland ca. 1850 - 1930. Industriarbeidernes byggeskikk og boligforhold ved industristedene Skotfoss, Fossum, Borgestad, Menstad, Porsgrunn, Vold, Herre og Fossing. 1992. 157 s. (Stens.)

1993
Fra friluftslivets historie i Skien og omegn. Skien 1993. 40 s. Utgitt av Fylkesmuseet for Telemark og Grenland.

1994
Gamle Telemark. Skien 1994. 150 s. Utgitt av Fylkesmuseet for Telemark og Grenland.

”Borgestad. Arbeidernes byggeskikk og boligforhold i et patriarkalsk industrisamfunn.” I Bygningshistorie. Telemark Historie nr. 15 - 1994. S. 37-44.

Skjelsvik før vår tid. 8 s. Utgitt av Nedre Skjelsvik Vel.

1995
”Fra 8. Skiens kulturhistorie.” I Speiding er toppen. 8. Skien gjennom 50 år. Byminner 26. Utgitt av Selskapet for Skien Bys Vel og 8. Skien speidergruppe. Skien 1995. s. 43-63.

1996
Regioner og kulturområder i Telemark. Særpreg og kulturtrekk i Grenland, Vest - Telemark, Aust - Telemark og Tinn før 1900. Skien 1996. 67 s. Utgitt av Fylkesmuseet for Telemark og Grenland.

Barna og byen. Oppvekst i Skien 1920 - 1970. Skien 1996. 65 s. Utgitt av Fylkesmuseet for Telemark og Grenland.

Høglisæter 100 år 1896-1996. 39 s. Utgitt av Skiforeningen Høglisæter ved Odd Høstmark Løve, Skien.

Lokalhistorisk reise på Telemarkskanalen. Utgitt av Foreningen til norske Fortidsminnesmerkers Bevaring. 128 s. Norsk, engelsk og tysk utgave.

Slik var Skien. En kulturhistorie med bilder fra fotograf R. Nyblins samling. Skien 1986. Ny utvidet utgave. Thure Forlag, Skien. 258 s.
1997
Jeg var der!” Det hendte i Skien 1955 - 1965. Skien 1997. 96 s. Utgitt av Fylkesmuseet for Telemark og Grenland. 96 s.

1998
Sædelighed, Flid, Orden og Sparsommelighed”. Gjerpen og Solum Sparebank 1848-1998. Skien 1998. Utgitt av GS Banken, Skien. 248 s.

Registrering av industrihistorisk materiale i Grenland. Rapport. Fylkesmuseet for Telemark og Grenland og Industrikulturelt senter i Porsgrunn.


1999
”Stadionuret på Odds Stadion - et resultat av iherdig kuponginnsending” Skiensmagasinet 1/1999.

”Et knippe ”norgesrekorder” Skiensmagasinet 2/1999.

”Vis meg din hytte, og jeg skal si deg hvem du er. Om hytter og hyttebygging for store og små i grenlandsdistriktet” Fortidsvern 3/1999. Hytteliv 9/99.

Med gamle kart gjennom Skiens historie. Sammen med oppmålingssjef Thor Inge Rødseth. Ny, utvidet og ajourført utgave. Thure Forlag. 196 s.

2000
”Ølbollen - på godt og ondt” Hytteliv 2/2000.

”Til bords med fingrer og tollekniv” Hytteliv 3/2000.

”Senga - husets parademøbel” Hytteliv 6/2000.

”Kista - prydgjemme for kostbarheter” Hytteliv.

Kystguiden Telemark. Kulturhistorisk reisefører for Telemarkskysten. Thure Forlag, Skien. 160 s.

2001
”Vinterlandet oppunder Hardangervidda.” 4 s. Hytteliv ”Hyttebygda i sjumilsskogen.” (Om Trysil) Hytteliv 4 s.

”Tyske hærkystbatterier på telemarkskysten.” Telemark Historie nr. 22 - 2001. 10 s.

”Sol, sommer, funkis.” Telemark Historie nr. 22 - 2001. 4 s.

”Øyeblikksbilder fra 1950-årene” og andre artikler i Slusegløtt nr. 1-2/2001 o.a.. (Utgitt av Telemarkkanalens venner)

2002
”Sol, sommer og funkis.” Fortidsvern 2/2002.

”Trekk fra bilismens historie i Skien etter krigen.” Årbok for Telemark 2002. s. 28-41.

2003
Kystguiden Skagerakkysten (red.). 416 s. Eget bidrag 181 s.

”Kan me høyre på Ronald Holmberg med godt samvit?” Kronikk. Telemark Tidend/Varden

”Er telemarkingen så tradisjonsbevisst som han tror?” Kronikk. (Varden)

”Sommervillaer og sommerliv ved Eidanegrfjorden” I Ætt og annet. Jubileumsbok ved Grenland Ættehistorielags 30-årsjubileum. Skien 2003. s. 107-141.

Best i vest - Falkum - en bydel i Skien. Genius Forlag. 108 s.

2004
”De sørlandske byggshoputhavnene.” Memento 2/2004. 4 s.

”Arbeiderboliger og industriarbeidermiljø på Herre.” I Historien omgir oss. Festskrift til Gunnar Lier Olsens 80-årsdag. Utgitt av Bamble Historielag 2004. 15 s.

”Isblokkar viktig eksportvare. Isbruk i grenlandsfjordane 1835-1962.” Årbok for Telemark 2004.

”Jul i 1950-årenes Skien” Skiensmagasinet.

2005
”Det herskapelige ferieliv.” (Om sommervillaer ved Eidangerfjorden). Porsgunnsposten 14. april 2005.

”Brunfarge, badetog og folkehytter.” Porsgunnsposten 21. april 2005.

”Skiens glemte ferieverden.” Skiensposten.

”Alltid beredt i 90 år.” Skiensposten 8/6-05.

”Kontrollert promillekjøring” Skiensposten 15. juni 2005.

”Da bilden ble sluppet fri”. Skiensposten 22.juni 2005.

”Fra motorbåtlivet i Grenland.” Porsgrunnsposten 22. juni 2005.

”På gamlehjemmet i gamle dager.” Porsgrunnsposten 14/8-2005.

”På villajakt i Porsgrunn”. (Om villarkitektur fra etterkrigstiden) Porsgrunnsposten 21/9-05.

”Moderne og tradisjonelt”. (Om villarkitektur fra etterkrigstiden). Porsgrunnsposten 28/9-2005.

”Fra arbeidermiljø i Porsgrunn” Porsgrunnsposten 17/10-2005

”Blant småkårsfolk på Kirkehaugen.” Porsgrunnsposten 24/10-2005

”Mystiske steder og ville småkongeslag.” Porsgrunnposten 21/12-05.

”Med treski og skruskøyter.” Porsgrunnsposten.

2006
”Byggeskikk og boskikk i Telemark.” I Norske Gardsbruk Telemark IV. Foyn Forlag, Bø 2006. s. 49-72

Skien. Kommuneartikkel. I Norske Gardsbruk Telemark IV. Foyn Forlag, Bø 2006. s. 129-151.

”Øystein Jonsjord-foto på glasplate. Fotograf, radioreparatør, klokkemakar og bonde.” Årbok for Telemark 2007. Skien 2006. 8 s.

2007
Godt håndverk, tradisjonsforankret uttrykk og fornying. Husflid i Vest - Telemark 2000 - 2005. (Rapport fra samtidsdokumentasjonsprosjekt om husflid). Utgitt av Telemark Museum. 150 s.

Hilsen fra Telemark. Gamle postkort fra by og bygd. Sammen med Stein Høibø. 288 s. Utgitt av Telemark Museum.

”Bygdefotografen Aanund Edland. Foto frå bygdelivet tidleg på 1900-talet.” Sammen med Marie Edland, Edland. Årbok for Telemark 2007. Skien 2006. s. 70-81.

Lykkelige tider. Hverdagsglimt fra Porsgrunn og Bamble. Utgitt av Norgesforlaget. Porsgrunn 2007. 191 s.

2008
”Språkmeisteren frå Vest – Telemark.” (Artikkel om Rikard Berge.) Telemark Tidend. 2 s.

Kysten vår. Sandefjord-Portør. Orion Forlag. 205 s.

I hjertet av Grenland. Lokalhistorie for Klosterskogen, Skogplassene, Gråten, Gråtenmoen, Raset, Kjørbekk, Nenset, Tollnes, Bjørntvet, Klyve og Knarrdalstrand. Wera forlag, Porsgrunn 2008. 143 s.

”Nytt og grundig om Eidsborg stavkyrkje.” Bokmelding. Telemark Historie 2008. 4 s.

"Stranda vikingskip, kvite hanar og katter i band. Rart og løgleg frå Rikard Berge sine samlingar." Jol i Telemark 2008. 4 s.

2009
Vakre telemarksfoto frå 1950-talet.” Jol i Telemark 2009.4 s.

Nytt og grundig om Eidsborg stavkyrkje.” Bokmelding. Fortidsminneforeningens årbok 2010. 4 s.

Hundre år på Brekke. (100 års jubileumsbok til Fylkesmuseet for Telemark og Grenland/Telemark Museum) Eget bidrag 115 av 167 s.

2010
Skiensboka – et lokalhistorisk leksikon. Utgitt av Historisk Forum i Skien. Tekstbidrag ca. 120 s.

”Skiens kunstforening 1960-2010”. I Mer enn hundre år for kunsten. Skiens kunstforening 1910-2010. Skien 1910. 72 s.

2011
Byggeskikk og boskikk i nedre Telemark 1750-1950. Form – bruk – mening. 403 s.

Byborgerens, middelstandens og arbeiderens hus. Bybebyggelse i nedre Telemark 1750-1950. 384 s.

Tid for 60-tall”. I Bevar med vel. Regionblad for Fortidsminneforeningen i Østfold, Buskerud, og Telemark.

”Et telemarksmuseum blir til. Skiens Museum og Fylkesmuseet for Telemark og Grenland de første årene”. Av Arnulf Rafgaard og Tor Kjetil Gardåsen. Telemark Historie 2011.
Lokalhistorisk reise på telemarkskanalen. Ny utgave. Fortidsminneforeningen.
”På oppdagingsferd langs telemarkskysten.” Jol i Telemark 2011.


2012
Ferieliv i Kragerø. 242 s. Sammen med Jørgen Haave.
”Ferieliv i kragerøskjærgården – avslapning og nytelse eller sosialt meningsladet teater? Telemark Historie 2012 s. 83-108.
”Loft og bur. Hus med drag av fyrrtid og fraasegn.” Jol i Telemark 2012. 4 s.


2013
””Minutt for minutt” fra båtdekket.” Slusegløtt 1/2013.


2014
Hus i Drangedal. 208 s. Utgitt av Drangedal bygdetun.
”Stedsnavn i Bamble.” Det skjer i Bamble 2014.
«Bamble som ferie- og hyttekommune». I Bamble kommune 50 år. Bamble 2014.


2015
«Rikard Berges arkiv og samlingar ved Telemark Museum og på www.telemarkskilder.no.»
Årbok for Telemark 2015.

Uten år
Tilbakeblikk. Avisbilder med tekst fra Vardens fotoarkiv 1953-1965. Lørdagsartikler i Varden 2005-2012. Ca. 500 artikler. Lagt ut på www.telemarkmuseum.no og www.telemarkhistorie.blogspot.com

Fløting i telemarksvassdraget og telemarkskanalen. (Upublisert artikkel)

(Samlet publisert omfang ca. 5000 sider. Anslått bildeandel 40%, tekstandel 60%)

Stillinger
Konservator NMF Telemark Museum 1977-2011
Førstekonservator NMF Telemark Museum 2011-

Større gjennomførte prosjekter (initiering og prosjektledelse):
1978: Installering av brann- og innbruddsvarslingsanlegg på Søndre Brekke.
1978: Erverv, restaurering og utleie av Tomtegata 4, Skien (gammelt byhus for fattigvesenet).
1978: Erverv, restaurering og utleie av Brekkestien 8, Skien (gammelt byhus for flåtefolk)
1979: Erverv, restaurering og utleie samt innredning til museumsutstillinger av Tomtegt. 2, Skien (bolig- og butikkgård)
1980: Erverv, restaurering og utleie av slaggsteinshus på Lia, Fossum (gammel gruvearbeiderbolig)
1981: Erverv, restaurering og utleie av Grensegt. 34 (Hans Hoells gate 2), Skien (gammel borgervilla)
1983: Erverv og flytting av lekestue fra Lilleklosteret ved Skien.
1986. Oppstart bokavdeling (forlagsvirksomhet)
1989: Møtelokale i tilknytning til restaurant
1991: Restaurering av FWD brannbil fra 1917/1927
1993: Sprinkleranlegg Søndre Brekke
1994: Bevaringsplan for samlingene
1998: Registrering av industrihistorisk materiale i Grenland.

Utstillinger med faglig ansvar (tekster, utvalg av bilder og gjenstander og utstillingens struktur. Utstillinger produsert av museets håndverkere og utstillingskonsulent)
1977: Jordbruk i Telemark i eldre tid. Markering av Telemark Landbruksselskaps 200-årsjubileum. Ca. 80 m2
1978: Byer i Skiensfjorden. Ca. 80 m2
1981: Gammel kolonialbutikk i Tomtegt. 2. Ca. 20 m2
1982: Gjenreising av interiøret fra Skiens Apotek Ca. 40 m2
1982: Sølvsmedverksted etter Jørgen og Tor T. Grindrud, Lunde Ca. 10 m2
1982: Gammel frisørsalong Ca. 15 m2
1983: Gammel bokhandel. Ca. 10 m2
1983: Gammelt konditori. Ca. 20 m2
1984: Gammelt postkontor. Ca. 8 m2
1984: Jordbruksutstilling i fjøset på Venstøp. Ca. 40 m2
1985: Foto- og tobakkshandel Ca. 10 m2
1993: Fra friluftslivets historie i Skien og omegn Ca. 90 m2.
1994: Tusen år i Skien Ca. 80 m2
1994: Byen og barna Ca. 60 m2.
1995: Skien i krigsårene 1940-1945. Ca. 70 m2.
1996: Den store Telemarksutstillingen. Folkekunst, drakter, folkemusikk, byggeskikk med mer. 392 m2.
1997: Gammelt tannlegekontor. Sørfløyen. Ca. 20 m2
1998: Ibsens barndom og barneskikkelser. Venstøp. Ca. 80 m2.
1999: Fotballen i Skien. ”Fra løkke til elite”. Nordfløyen. Ca. 330 m2.
2001: Utstillinger om Skiens historie. Comfort Hotell Bryggeparken. 20 montre.
2002: Arbeiderbolig. Tomtegt. 2. 
2003: ”God bedring! Fra kirkegårdsjord til tarzanfabrikk.” Nordfløyen. Ca. 100 m2
2004: Romaniutstilling. Sørfløyen. Ca. 80 m2
2005: ”Alltid beredt”. Speiderliv i Skien gjennom 90 år. Ca. 100 m2
2006: ”Godt håndverk, tradisjonsforankret uttrykk og fornying. Husflid i Vest-Telemark 2000-2005.” Vandreutstilling. Ca. 100 m2.
2009: Brekkes hovedbygning 2. etg. Montering av herregårdsinteriør. Nordre del gjenåpnet etter restaurering. Ca. 150 m2
2009: Skiens historie. Sørfløyen. Ca. 50m2 (sammen med museumspedagog og arkeolog)
2009: Fotoutstilling av Telemark Museums historie i musikkpaviljongen.
2015 Odd – Skiens gamle storklubb. Utstillingsskjermer i Brekkeparken.

Foredrag
Hovedlinjer i byggeskikken i Telemark.
Byggeskikken i Drangedal.
Godt handverk, tradisjonsforankra uttrykk og fornying. Husflid i Vest-Telemark 2000-2005.
Livet på telemarksbåtene.
Skien slik vi husker det. Fotograf R. Nyblins skiensbilder 1900-1940.
Brekkeparkens og Telemark Museums historie.
Skien i 1950- og 60-årene.
Porsgrunn i 1950- og 60-årene.
Oppvekst i Skien i 1950-årene.
Svenskeinnvandring til Telemark.
Handelens historie i Skien.
Industrihistorie i Grenland.
Kulturminner i Porsgrunn.
Biltrafikk i Telemark.
Ytre Gjerpen. Lokalhistorie.
Øvre Gjerpen. Lokalhistorie.
Humor omkring Ibsen.
Fra friluftslivets historie i Skien og omegn.
1905 i Skien.
Bimpil, bugge og skrunde. Trekk fra julens gjenstandskultur.
Ferieliv i Kragerø. 4 foredrag (Hytteliv, båtliv, Kragerø som ferieby, Ferielivshistorie i kragerøskjærgården)
Tradisjoner rundt St. Hans
Museumsmannen og folkeminnesamlaren Rikard Berge.
Lammers og menighetsliv i Skien.
Familieminner. Bruk av arkiv, foto og andre kilder i slektsgransking og lokalhistorie.

Telemark Museum
Borgestua
Kirkesamlingen.
Ibsens Venstøp.
Søndre Brekkes historie.

Byvandringer i Grenland
Frogner – søndre Brekke.
Nordre Brekkejordet, Brekkeby og Kverndalen.
Midtbyen.
Skotfoss
Telemarkskanalen
Mikaelshula.
Faret.
Hjellevannet-Bryggevannet.
Gulset
Bygdeborgen på Elstrøm.
Bakken.
Falkum.
Gråtenmoen med ekserserplassen.
Snipetorp – Bratsbergkleiva.
Gjerpen (Grini, Limi, Venstøp, Fossum, Århus) Sykkeltur.
Bussguiding i Grenland.
Vannveien Skien-Langesund.
Langs den gamle Siljanveien.