Viser innlegg med etiketten Rikard Berge. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Rikard Berge. Vis alle innlegg

søndag 13. november 2011

Rikard Berge si store folkeminneinnsamling (Trykt i Jol i Telemark)


Av Tor Kjetil Gardåsen

Side i skrivebok med tradisjonsnedteikningar av Rikard Berge
Trollkjerringar som sette einannan stemne i tårnet på Brunkeberg kyrkje, deildegastar som bar på tunge steinar og prestar som mista heile kortleiken ut over kyrkjegolvet. Dette er noko av den rike og forunderlege tradisjonen som folkeminnesamlaren Rikard Berge har teikna ned frå Telemark. Frå 1900 og frametter skreiv han innpå 800 fulle kladdebøker med folketru, segner og soger.
-------------
Folkeminne og tradisjonsstoff har alltid hatt ein sentral plass i telemarksbygdene. Segner om menneske og hendingar har blitt fortald folk imellom, og nokre personar i bygdene vart sogeberarar med godt minne og god forteljarevne. Slike menneske søkte Rikard Berge opp tidleg på 1900 - talet. I dag er dei tettskrivne kladdbøkene frå desse samlarferdene eit skattkammer med segner og soger, forunderlege forteljingar, overraskande hendingar, løglege replikkar - og litt bygdesladder innimellom.

Tussar som menneske
Trua på overnaturlege vesen som underjordiske, tussar og haugety var levande i Telemark langt fram i tida, og Berge fekk mange forteljingar om opplevingar knytt til dette.
Underjordsfolk, slik som haugfolk og hulder, levde i si eiga verd side om side med menneska. På mange måtar var den underjordiske verda eit speglbilete av menneskeverda. Dei underjordiske levde slik som folk gjorde, berre at mykje var motsett.
Tussane budde i haugar og hamrar, dei hadde kyr og sauer og ungar med raude toppluver. Og dei hadde gleder og sorger som folk flest. Rett som det var kom folk og underjordiske i kontakt med einannan. Ungane kom ut av haugen og leika med ungane på garden til dei vart ropa inn i haugen att av mor si. Og buskapen deira gjekk og beita ute i skogen. Å stå på god fot med underjordsfolket var viktig. Berge har skrivi denne vesle soga frå Kilen ved Flåvatn: I Sud - Kilen var det ein tusse av underjordsfolket. "Der skulle vera ein tusse i Sud - Kjilen, aa den dyrka di saa paa, di bar ut mat ti `n kvar høgtidsefta." (RB Bok 76 s. 97).
Ikkje sjeldan ønskte underjordsfolket å gifte seg med vanlege folk. Mange jenter var plaga av tussefriarar og visste ikkje si arme råd kva dei skulle gjere. "Anne Aarusmoen ha` ein tussebl. som komm ti «o alla kvellar i viko berre ikkje torsdagsvellæn`," står det i ei nedteikning frå Seljord frå 1910. Ho gjekk til presten, som sa hoss ho skulle fara, mellom anna bere ein breskebusk inn i stoga. (Bok 85 s- 84).

Trollkjerringtreff i Brunkeberg kyrkje
At vanlege kvinnemenneske kunne vere trollkjerringar herska det liten tvil om blant folk flest. Det syner alle hekseprosessane på 1600 - talet. Det galdt berre å finne fram til kven som var trollkjerringar. I folkefantasien danna det seg segner om kva trollkjerringane dreiv på med når dei var samla. Tårnet i Brunkeberg kyrkje var ein slik samlingsstad, og den som oppdaga dei her, kunne få ublid handsaming:
"Steinar Aase va` mæ Bronkberg kjørkje om paaskeftan aa saag trollkjæringen, aa daa saag `n di upp-i taarne seks - sjou av dei gjildaste kjeringar i bygdi, mo` haanoms aa prestekjeringji aa andre. Men de gaadde `n, aa hengd `n etter nasan ut - igjenom kjørkjegluggje aa truga `n paa livet at `n skulle `kje seia dæ ti nokon." (Bok 81 s. 15. Seljord 1910)

Deildegast
Eit anna mytisk vesen var var deildegasten, attergangaren etter ein som hadde flytta grensesteinar eller deildesteinar medan han levde. Deildegasttrua var forankra i det gamle bondesynet at eigedomsgrenser og bytesteinar var ukrenkelege og ikkje skulle rørast. Deildegasten f™r kvilelaust ikring med tunge steinar for å freiste å setje dei attende der dei hadde stått. Men han klara det aldri og vart slepande på desse tunge børene til evig tid. Reint ille var det om han hadde kasta grensesteinen ut i ei tjønn. Da måtte han hente steinen opp att frå botnen. Sterke Nils såg ein gong ein slik deildegast på Seljordshei: "Sterke Nils saag ein mann i Svartetjørn paa Jellstadheidi. Han kom upp i vatnskorpa med ein bytestein, og snart han kom upp - i, so maatte han ned - i att, og daa huva `n so fælt. Han heldt paa saag `n lyfte mange vendur." (Gunnar Godlid, Kviteseid 1909. Bok 67 s. 92)

Prestar med svartebok og kortleik
Prestane hadde mange segner knytt til seg. Nokre av dei skulle ha svarteboka. "Steinar Aase skulde hava laant svarteboki av Seljordspresten, og gav 10 dalar for laanet." (RB Bok 85 s. 32 Seljord 1910.) Nokre prestar var friske av seg på andre måtar: "Landstad, gamle, var ymis etter kvendi. Han stengde seg inne med Ingebjørg Hyttedalen, ei møykjering fraa Lisleherad, i kyrkjestogo i Aamotsdal. Der er eit eigi rom med eigin inngang." (RB Bok 69, s. 13 Seljord 1910)
Andre prestar att, slik som Jens Zetlitz i Kviteseid, synte folkelege trekk og tok del i både kortspel og brennevinsdrikking: "Setliss hadde sotu tura, aa saa hadd `n komme ti vaaga om at `n skulle nevne alle kortbla`a i preika si. Aa de gjorde `n ou. "Spar os Gud," sa `n " at ikke djævelen kløver disse ruder og river vore hjerter," sa `n. Saa vant `n da. - Ein a`n gong hadde di stappa kortleiken i samarielomma hannoms, aa den drog `n opp mæ lommetørklæe, saa korta floug aaver heile kjørkjegolvet. "Saaledes spredte Gud Israels børn aaver Egypten," sa `n." (Bok 76)

Register på 97 bøker
Det var kjent i Telemark at Berge hadde skrivi opp mykje. Han bruka stoffet i sine eigne bøker, slik som bygdesoga for Vinje og Rauland, men ut over dette var det få som hadde fått tilgjenge til dette store materialet, som med tida fikk nærast ein mytisk dåm over seg. Etter at Berge døydde i 1969, vart handskriftene kjøpt inn, m.a. med ei løyving frå Norsk Kulturråd. Fylkeskonservator Halvor Landsverk sytte for det. Materialet er i dag i Telemark Museum med kopiar ved Høgskulen i Rauland og Norsk Folkeminnesamling. Materialet er tilgjengeleg, men brukarar må rekne seg god tid - Berge sitt eige handskrivne register er på heile 97 skrivebøker. Men materialet er ei kjelde for generasjonar framover, anten ein driv med allvarsam kulturgransking, eller ein vil sjå etter om det kan liggje ei løgleg soge frå nabogarden mellom permane i dei tettskrivne kladdebøkene.
(Trykt i Telemark Tidend eller Jol i Telemark)

Bilete:
Berge ved skrivebordet i arbeid med folkeminneskriving.

Brunkeberg kyrkje. Her eller i den gamle kyrkja samla trollkjerringane seg i tårnet påskeeftan.

Side med nedskrifter frå Rikard Berge sine bøker.

mmmmmmmmm

Ein del av nedskriftene høyrer vel nærast skrønene til. Dette er løglege historiar og "rispur" om hendingar, og ein kan velge å tru på dei eller ikkje. "Dæ hev eg hørt, om han som hoppa ette ikonn`n. Han saag ikonn`n hoppa fraa graan ti graan. "Vaagar du deg som er liten, vaagar eg meg som er stor," sa `n aa hoppa etter aa slo seg i hæl." (Bok 79) Andre er gode replikkar som kunne gå på folkemunne i lang tid: "Kvandbekken kom til byen. "Ligg isen der uppe?" sa dei. "Ja visst ligg `n, sto `n uppe, så ha` me sett `n hit," sa `n. "Dæ ska heitas dæ, at alle som hev vore paa straff, hev `kje skuggje. Men hott d `æ i dæ, veit eg kje," er notert frå Hjartdal. (Bok 93 s. 96 Hjartdal 1910. Etter Anne Kvaale) "Ein Gunnuf fraa Finnekaasa i Gransherad letst (drukna) upp-i enden paa Tinnsjaa, og dei kunde `kje finne `n. Drog til Kongsberg etter ein kvit hane, og den gol ut-for Lønvik, og der fann dei `n." (Bok 96 Hjartdal s. 65) "Vikingskipe kalla Injebjørg Aasen de skipe som skulde liggje i ei noko stor tjørn noko sud paa Mælefjøll. Kjølen laag att der uppkvelvd til i manneminne. De var eit fælt verke. Den som havde bygt de var ein viking, som hadde gjort so mykje vondt at han laag der i mange aar gøymd, og hadde detta skipsarbeide til tidtrøyte." (Bok 97 s. 89 Hattdal 1910)

Møaas - sugga dæ æ ein stein som hev legje paa tvo steinar i Møaas - gjore. Dæ va` ein blaastein, som va` saa fælt eit kjempelyfte. (RB Seljord 1910 Bok 72 )


Greggarsvok heiter ei vok i Sundsbarmvatnet uppmed Gullnes - tangen.

Brennevinsbrenning hadde dei mangstad. Paa Klomset brende dei og laag og fylde seg kvar dag mest, ei tid. (RB Bok 69, s. 9. Seljord 1910)

Far bruka paa Midbøn aa der va` aller stilt paa høgst˜go. Me hørde de tassa aa gjekk s˜ snart med hadde lagt kaan, aa ti slutten blei me so vane mæ dæ at me agta de kje. Der va` aller rolegt der. (RB Bok 69, s. 9 Seljord 1910)

Hellandane, felemakaræn, di va` i kvenni aa m˜l, der stekte di aa aat.
Fra Kilen fortelles sagnet at mannen i Nord - Kilen hogg ned mannen på ¯verland med øks. Han måtte rømme og lå i skjul i en steinur ovenfor Nord - Kilen, som ble hetende Mannslagarurdi. Dit bar de mat til han. Men han ble lei av å ligge her og meldte seg selv. (RB bok 76 s. 97)

Orm
Hallvor Lia saag ein orm paa Lindalen (ved Brakandalen) i ein honhoug, der va ei gamal sag der. men den hadde maan som ein hest aa han ha `kje tort paa `n aa slegje `n hott `n hadde faatt." (Bok 76)


Trollkjerringar eller gyvrer er det også mange segner etter. Mange berghamrar og store steinar har segner om slikt knytt til seg. "Gjyvri pa Fosseim aa gjyvri paa Rynjom va` so vonde paa enan di vill` slaa enan i hæl, aa kasta stein etter enan. Naa stend der att dessan steinæn`," heiter det frå Seljord. (RB Seljord 1910 Bok 72 )

Den slemme synte seg
Mange stader i tradisjonsmaterialet kjem det fram at sjølveiget var viktig for dei gamle telemarkingane. Johannes Skar skriv frå Setesdal at å vere sjølveigar - "um det hadde de so sterke tankar", gardane måtte aldreg "koma på rekomÓ. Gard og ætt var uskiljelege som "tonni or hausen". Segner fortel om kor gale det kunne gå når gardar blei selte, og serleg ille var det dersom garden blei selt til andre enn bøndar. I Kilen synte "den slemme" seg fleire stader etter at ein gard var blitt selt til Aall`en:
"Den slemme synte seg på Røyrhelle, utan - for Kilen, dei sat der spela kort. So kom der inn ein kar, og sette seg til spila med deim. Men so gjekk han ut - att. Daa segjer Hans, det var far til Anne som fekk Steinar ¯verland: "Nei karar, naa maa de bie ti `n kjem innatt denna karen." Men han kom `kje. - I same tid saag dei honom i Kile - kvennhuse, han kom inn til mylnaren med han stod m—l, han var so stygg og vanskapt. Men mylnaren krossa for seg og las fadervaar, og daa kvorv de. - Mest samstundes saag Gunhild Surtmyr noko fæle hendar taka inn - yvi døri hennar. Alt dette meinte dei var for Olav Rude nettupp døyde daa, og han hadde gjort svik, de var han som valde at søndre Kilen kom or ætti og i hendane paa Aall (ikr. 1780)." (Bok 69 side 31. Eventyr og segner 1909.)

Språkmeisteren frå Vest - Telemark (Trykt i Telemark Tidens 2008)






Tor Kjetil Gardåsen


"Ein skal ikkje ha lese so mange linone av Rikard Berge før ein går ein språkmeister av dei store," skriv Magne Myhren. Rikard Berge har ein stil og ein framstillingsmåte som knapt er å finne make til innafor norsk språkområde. Med utgangspunkt i vinjemålet laga han rike tekstar knytt til ulike emne frå telemarkskulturen.


Rikard Berge skriv sjølv ofte om språk og nemningar i samband med kulturhistoriske utgreiingar, men like interessant er det språket som Berge sjølv nyttar. Her møter lesaren ein skrivestil så rik og levande at ein mange vender må gje seg ende over.
Når ein tar Rikard Berge sine tekstar for seg, finn ein snart ei formuleringevne og ein ordrikdom som set lesaren i ei eiga stemning. Her er målande ord, urgamle vendingar, treffande skildringar og ein overraskande biletbruk. Tankane går til den gamle norrøne forteljarkunsten med si ordknappe og tilhogne form, Snorre sine kongesoger, ættesoger eller gamalt telemål som folk i Vest - Telemark bruka for nokre generasjonar sidan. Rikard Berge sin skrivestil inneheld mange målande ordbilete, humoristiske formuleringar og forunderlege måtar å få fram ting på. Ofte må ein stanse opp, leggje boka ifrå seg og tenkje opp att det som vert sagt. Ein undrar seg gong på gong over seiemåten, som er treffande og sikker, målande og livfull. Stilen er stø, men samstundes kjenner ein at utsegner og ordval er høvelege. I tillegg har Berge stor innsikt i dei emna han skriv om og ei trygg vurderingsevne i mangt og mykje.

Ein rik terminologi
Samla har Rikard Berge skrive kring 8000 sider, og den språklege rikdomen gjeld alle delar av dette forfattarskapet. I Myllarguten frå 1908 har han ord og uttrykk frå spelemannslivet. Døme er fyrispel, innsmøygd, dubbeltak, rikketak, ristetak, skjelvetak, raklespelmann osb. I Norskt Bondesylv gjeld det same i sylvsmedfaget: hylkring, hylkesylgje, koltrering og kring 650 andre nemningar for sylv, smiing, reiskap og klesplagg.
I nokre bøker er karakteristikkane av folkelynne og folkekarakter det sentrale. Dette finn vi rikeleg av i bygdesoga for Vinje og Rauland, slik som denne skildringa av folkekarakteren i Vest - Telemark: 2Dette høglege laget - det høyrde til den fine, kulturborne stilen i folkelivet. Dei kunde bera fram ærend i sømd, leggje ei røde med fin innleiding, danse ein gangar largo, spela ein springar andantio eller moderato, ikkje som no allegro."
Eit anna karakterdrag var at fjellbonden var stolt og hadde vondt for å underkaste seg andre: 2For urimleg og storlaati framferd gjorde ikkje fjøllmannen servil, so som i land der bonden livde i 2vornedskab2 og 2hoveri2, han var sanneleg ikkje langt aa tøygje. Det var eit sams drag i alle norske bondebygdar.2

"eit myrkt drag i folkelyndet"
Men ikkje alla draga i folkekarakteren var like gode: "Handelsmoralen var ymis, både i hestehandel, kræturhandel, skreppehandel o. a. ... Det tunglegaste i denne vegen, er all den tvist og trætte og proceshug som fylgjer av handel med jord, i skifte og utbytingar, i ugreide um marklinur. Her tykjest vera eit myrkt drag i folkelyndet, eit meinleite i ein elles vælstøypt karakter. Retthaving, trætte um smaating......girugskap....men striden for tilveret var hard i fjøllbygdi...jorddrottane mang ein gong var stride baade i landskyld og elles. Paa hi sida merkte ein lite til stands - skilnaden, den som i rikare bygdelag er so synberr."
Eit levande bilete gir han også av det religiøse og av korleis gamal tru levde lenge: "Dei gamle truine...hekk att paa mangfaldige vis. Vettehaugdyrking fanst paa sume gardar so seint som utimot 1800. Alle slag truir og mark, aatgjerd for sjukdom livde hundrad aar lenger, og endaa um upplysningi dreiv burt mykje av dette i fyrste halvpart av 1800 - talet, sat daavisst det fatalistiske livssynet sterkt inngrott, ja er livs livande hjaa sume enno. Lagjen som dei kallar fatum, var sanneleg ikkje god aa avlive anten for prest eller emissær. Lagnadstrui var so høg aa trive til. Gjekk noko imot, so skulda folk på "lagjen", "de va` so laga"; hende ei ulukke, so het det: "de si ` so gange"; ingen kann si "forloge fly". Døydde nokon tidleg eller braadt, "han (ho) va` `kje liv lagji", "hans tid var ikkje lenger."

"Eit styggebeist av ei ause"
Berge la stor vekt på å skrive ei levande bygdesoge for Vinje og Rauland. Han la ned eit stort arbeid i å skildre menneska som han skreiv om. For han var det ikkje berre å få med fødsels- og dødsår, slik som i dei fleste bygdesoger, men å teikne ei bilete av kvart menneske med karakterdrag og personlege sider. I desse banda ligg det derfor mang ein fargerik karakteristikk. Ei kjerring i Vinje fekk som ettermæle at "Ho ørna til seg". Annleis var nok ho som "traadde aldri etter stasen". Heilt smigrande var vel heller ikkje ho som var "eit styggebeist av ei ause", mens ei anna "gjekk so havør" (grisk).
Ein kar var "ein ussefot til å greide seg" (rotekopp) og ein var "ei dyrgje, stor og kjempesterk. Ein heluv til løype, ein fæling so utrendt aa slaast, spræk og uvyrden i alle maatar...." Andre var "sterke og gampeslege karar". Ein var "ein Hardeitil" og ein var "bisnefus" (nysgjerrig). Å skrive fire store band med karakteristikkar utan å ta seg opp att språkleg ein einaste gong, må vere ei bragd utan sidestykke. Men mange meinte at Berge sjølv nok var noko uviss på om han skulle skildre menneske så inngåande som han gjorde, og at denne tvilen gjorde at utgjevinga av dette storverket trakk i langdrag.
Og veit nokre av lesarane kva slag menneske ei "øslekrekse" er? Berge nyttar ordet under omtalen av herstell om ein som for rundt og prøva å narre unggutane inn i "rullane", d.e. "øsla" eller lokka dei til å verve seg som soldatar, så dei til sist lot seg skrive inn til ei hard og slitsam militerteneste.

Næpi middrag
I kapitlet om bygningshandverk i bygdesoga for Vinje og Rauland kjem Berge si språklege rikdom til synes innafor feltet husbygging og handverkskunst. Med gamle timbermennar som heimelsmenn greier han ut framgangsmåten og ordbruken i husbygginga. Meddraginga har t.d. fått denne omtalen: "Til aa faa veggine til aa felle fint paa einannan laut timbermannen middraga, d.v.s. rita med middraget, etter sudi paa baae veggine so ein fekk hogge jamnt mosehogg; middraget fylgde so næpi, var der ei knuldre paa undare stokken, so rita middraget av ei tilsvarande gruffe i øvre. Dei middrog au laftehogget, det kalla dei aa snaure."

Vantar i Norsk Ordbok
Berge har diverre vore alt for lite lest her til lands, jamvel av språkfolk. I det store verket Norsk Ordbok, som er under arbeid, er Berge sine tekstar lite nytta. Berre nokre av bøkene til Berge er gått gjennom av ordbokredaktørane og ord tatt ut. Når dette verket ein gong er sluttført til ein pris på rundt 300 millionar kroner, er det framleis mangelfullt, av di bøkene til ein av dei rikaste nynorskforfattarane ikkje er gått gjennom slik dei burde.
Berge fortener stor merksemd innafor språkgransking, kulturhistorie og andre fag. Skriftene hans er er ei kjelde til språklege opplevingar som knapt er å finne hjå nokon annan forfattar.
(Trykt i Telemark Tidend)

Litteratur:
Magne Myhren: "Språk og ord som emne hjå Rikard Berge." Telemark Historie 1988.


Bilete:
IMG 2717
Stolpesetnaden under loft og bur har ei rekkje namn. Stolpane har kluvir som "fatar kring svillane". "På kluvine kviler eit flak," "i desse bygdane maksla som ei maan", d.e. som manet på ein hest.

Rikard Berge 001 eller 002
"Lauvstaupet er sendestaup, med di det jamleg er for stort til ein mann." I Norskt Bondesylv er det rike skildringar av sylvsmedgogn og framstilling, som Berge kallar "gjersl". Målande biletbruk er alltid ein del av skildringane.