Viser innlegg med etiketten fotograf. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fotograf. Vis alle innlegg

søndag 13. november 2011

Vakre telemarksfoto frå 1950-talet (Trykt i Jol i Telemark 2009)


Tekst: Tor Kjetil Gardåsen
Foto: Gunnar Aaser/Telemark Museum

Ingress:
Tidleg på 1950-talet tok bokhandlar Gunnar Aaser i Skien ei rekkje fotografi frå Skien og Telemark. Han tok truleg bileta for å bruke dei til prospektkort. I 2009, etter at Gunnar Aaser var død, tok Telemark Museum over negativa. Her har me funne fram eit lite utval av motiv frå dette arkivet.

-------
Bilettekstar:
Frå Jernbanebrygga i Skien ein vinterdag tidleg på 1950-talet. Vi ser havnekranene og Union Bruk på Klosterøya i bakgrunnen. Lektrane er kan hende kollektrar som er dregi inn til skipssida for å bunkre kol til fyring av dampkjelen om bord. Snøen og det svake ljoset gir ei særeigen stemning der kranarmane på land og master og bommar på båten står som silhuettar mot den grå vinterhimmelen.
TGM-B.20494


Frå Åmot i Ytre Vinje. Her ligg Vinje Hotell, og bussar med lang motorkasse og bua bakende går til og frå i alle retningar. Ein enkel vegvisar på betongfundament syner vegane til Rauland, Seljord, Dalen og Haukeligrend. Ei einsleg høg bensinpumpe med glaskuppel og ei bu med opning med ein lem fortel om det tilbodet bilistane hadde på dette området. Ein interessant gjenstand som er komen med på biletet er vegskrapa. Den fortel om ei tid med holete grusvegar og eit vegmannskap som heldt på heile sumarhalvåret med stell og vedlikehald av grusedekket på vegane.
TGM-B.20596


Frå Vrangfoss sluser. I fyrste del av 1950-talet gjekk framleis dei gamle telemarksbåtane i fast trafikk med folk og varer. Her er lokalbåten Norsjø fotografert på veg ned slusene i Vrangfoss. Norsjø var ein kombinert båt for gods og passasjerar og gjekk i rute mellom Gvarv og Skien med mjølkedunkar og vare til landhandlarar og bøndar.
TGM-B.20535.


Frå Valle i Bamble. I dag som Valle er ein av dei mest hektiske feriestadene på telemarkskysten kunne kan hende mange ønske seg attende til denne fredelege idyllen tidleg på 1950-talet. Her er berre koggar og pråmar ved bryggene og lite med hytter. Det kvite huset i bakgrunnen er butikken på Valle, som vart driven av Ole Hafredal. I dag ligg det store handelssentret Sjøbua på denne staden med sine mange forretningar, restaurantar og flytebrygger, og store område er fylt ut i sjøen. Ved den vesle sjøbua til høgre ligg teiner, og eit styrhus for ein kogg er sett inn på brygga. Vi ser kysten slik som den fyrste generasjonen med feriefolk etter krigen fekk oppleve det.
TGM-B.20537.

Livleg båttrafikk i Brevik. På biletet kan vi sjå den gamle brua over til øya og mange slag farkostar i sundet. Opne koggar med bensinmotor er det vanlege, fiskeskøyter ligg ved bryggene, medan to gutar er ute i ein segldukskano - eit bilete tatt akkurat i rette augneblinken.
TGM-B.20547.

Dette biletet er tatt ved fergeleiet på Stathelle. Heilt fram til Breviksbrua vart opna i 1962 gjekk biltrafikken til og frå Sørlandet gjennom Brevik og Stathelle. På 1950-talet hadde biltrafikken auka kraftig og sprengt alle prognosar. På kvar side av fergeleiet var det kilometerlange køar sumarstid. Men fergetrafikken førte også mykje liv og røre med seg. Fergeleiene var samlingsstader for folk. På Stathellesida samla mannfolka seg ved "planka" på smieveggen der dei hadde oversyn over det meste. Mange dreiv med trafikkdirigering på eige initiativ i ledige stundar. På biletet er tidlege etterkrigsmodellar av bilar i ferd med å rulle i land, medan den kraftige Chevroletbussen står og ventar på passasjerane sine.
TGM-B.20551.

Eit av dei vakraste landskapa i Telemark er dette frå Lindheim i Nesherad mot Lifjell. Her ligg blømande frukthagar mot ein bakgrunn av snødekte fjell, og det er nok denne stemninga fotografen ville ha fram på biletet. Den lange rette vegstrekka frå Gvarv ligg som i dag, men her med grusdekke. Kvinna til høgre har på seg sommarkjole og dreg på ein solid svartlakkert damesykkel med kraftige ballongdekk - eit robust framkomstmiddel for grusvegane i Telemark.
TGM-B.20551.

Frå Herre i Bamble. Herre er ein gamal industristad, men den moderne storindustrien kom hit med skipinga av Bamble cellulosefabrik i 1888. Kring fabrikken vaks det fram eit heilt samfunn med forretningar, forsamlingshus, skule, kapell og mykje anna. Biletet er tatt mot Frierfjorden med husa på Herrejordet i framgrunnen og skulen i midten. Husa på Herrejordet er dels eldre hus, dels nye arbeidarbustader bygd frå kring 1905 og frametter. Mange av dei som budde på Herre hadde også jordbruk og kuer, som gjekk på beite i skogen rundt industristaden.

TGM-B.20550

(Trykt i Jol i Telemark 2009)




Bygdefotografen Aanund Edland (Trykt i Årbok for Telemark)


Av Marie Edland og Tor Kjetil Gardåsen

I fleire av telemarksbygdene fanst det bygdefotografar på 1900 - talet. Slike var m.a. Ole Romsdalen i Siljan, Øystein Jonsjord i Tinn og Bendik Taraldlien i Fyresdal.

I Edland var Aanund O. Edland (1872-1940) på Nordigard Edland ein slik fotograf. Han skaffa seg fotoapparat tidleg på 1900 - talet og hadde eit våkent blikk for bygdelivet, menneska og samtida. Ei rekkje bygdemenneske og daglege tilhøve vart festa til glasplata. I dag gir bileta eit førsterangs innblikk i bygdelivet på 1900 - talet, i ei tid da ennå store delar av den gamle bygdelivsformen prega dei øvre telemarksbygdene.

Aanund dreiv garden heile livet. Til garden høyrde og støylen Venemo mellom Edland og Arabygdi.
Aanund hadde alltid noko fore. Han var ein allsidig mann, og det var utruleg kva han rokk å gjere ved sidan av garden. Nordigard blei ein samlingsstad for bygdefolk. Etter kvart tok nok stoga her til å verte for liten, og Aanund var blant dei som sto i spissen for å bygge ungdomshuset Fjellvang i Edland.

Glasplatene etter Aanund Edland er i dag oppbevarte på Telemark Museum. Dei er scanna til digitale bilete i eit samarbeid mellom Telemark Museum og Vinje lokalhistoriske arkiv/Vinje kommune, slik at det finst digitale kopiar på båe stadene. Førebels er det laga ei biletutstilling av en del av bileta i Edland, men det er å håpe at det kjem fleire formidlingstiltak med utgangspunkt i disse sjarmerande og ekte bileta. 

(Trykt i Årbok for Telemark 2006) 


Bilettekstar:


Edlandbygda 1913-14. Biletet er tatt på Nordigard. Aanund sendte biletet til broren Vetle og fekk det kolorert i Amerika. Vetle tok turen heim med biletet i 1913 - 14.

Nordigard Edland.

Aanund Edland med borna Sigrid, Aslak og Olav. Biletet er teki på Aslak sin konfirmasjon i 1937. (Aa E 231)

Kristi, kona til Aaanund, døydde i 1922, berre 33 år gamal, og Aaanund sat att med ansvaret for 4 born. Her ser vi borna Olav, Sigrid, Andres (død 1928) og Aslak.

Borna Olav, Sigrid og Andres, som døydde liten. Aslak (f. 1922) kom til seinare. (Aa E 327)

Havradalen, som reiste til Amerika, var med i krigen og døydde der. (Aa E 070)

Kristi, kona til Aanund med kalv i armane og Ingebjørg Berge Edland.

Olav Wraa Øygarden med Aanund på Storegutvollen 1924. Dei var og slåttekarar på Nordigard. (Aa E 260)

Aslak Kaste. Han mista den eine handa, men kom til Nordigard for å bli fotografera. (Aa E 068)

Lars Kristenson klar til å ta krøllene. (Aa E 265)

Ein kjekk liten kar som heitte Jon Vaa. Da han blei vaksen, vart han tannlækjar i Kviteseid. (Aa E 142)

Det var viktig å få med flest mogleg. Her er Neri Edland, bror til Aanund, og «Vise - Taddeiv». (Aa E 169)

Skogplanting. Til høgre Aanund Edland. Til venstre Harald O. Vågslid. (Aa E 201)

Høystakk. Vetle på toppen og Kristi og Olav nede. (Aa E 200)

Johanna Bugge Berge og Rikard Berge på samlartur hjå Margit Tveiten på Sud-Tveiten, bestemor til Brita Bratland og kjelda hennar for folkeviser. (Aa E 137)

Aanund hadde alltid noko fore. Her har han sykla til Voss og treff ein kar og spør etter husvere for notta. (Aa E 287)

Fjellvang i Edland, som blei innvia i 1922. Før Fjellvang blei bygd var Nordigard samlingsplassen, men når familien vaks, blei folk einige om å samlast om eit nytt grendehus. (Aa E 079)

Ei samling av familiemedlemmer i jola. Olav Torsen Stigastøyl, Neri Edland Berget, broren Aanund, Malla med dottera Margit Åsland, Ingebjørg Nordheim Edland, Margit Flothyl Vaagen, Olav Edland Nordigard, Sigrid Edland (delvis gøymd), Aanund Edland Nordigard med sjølvutløysar. Legg merke til den solide joletrefoten. (Aa E 032)

Sara Edland Ranheim, Sigrid Edland, Ågot Hermansen, Margit Havradalen, Åshild Nordgarden og Hege Tveiten. (Aa E 048)

Sondagssamling.

Vågslid Hotell før det brant. (Aa E 135)

Åse Kvammen, Astrid Hermansen, Olav Kvammen, Signe Gunvaldjord, Hans Haugegrav, Margit Hamre, Knut O. Edland ved eldhuset i Nordigard Edland. Dei koka olsokgraut. (Aa E 129)

Gome bestemor Sigrid Edland, mor til Aanund ned på myra med buskapen. (Aa E 350)

Frå Nordistog Vågslid. Knut T. Vågslid med sysken. Bak frå v.: Eivind, Halvor, Olav, Knut. Framme f.v.: Erling, Marta, Signe, Aagot. (Aa E 092)