lørdag 12. november 2011

Øystein Morten: Stavkyrkja i Eidsborg Ein biografi. Bokmelding Telemark Historie 2009. Fortidsminneforeningens årbok


Nytt og grundig om Eidsborg stavkyrkje

Det er lenge mellom kvar gong det kjem ein større monografi om eit kulturhistorisk emne frå Telemark. I 2008 ligg likevel eit slik verk føre: Øystein Morten si bok Stavkyrkja i Eidsborg Ein biografi. Øystein Morten er religionshistorikar og har bruka fire år på å granske kjeldene til Eidsborg stavkyrkje. Han har arbeidd på Vest - Telemark Museum, men er nå busett i Numedal. Omslaget fortel at boka er livshistoria til ei av dei mange små stavkyrkjene som i mellomalderen var å finne i kvar einaste bygd i Noreg og som var sentrum for det sosiale og religiøse livet i bygda.
Mykje av stavkyrkjelitteraturen har vore av rein teknisk/konstruktiv og arkitekturhistorsk art og skrive av arkitektar og kunsthistorikarar. Med si bakgrunn som religionshistorikar femnar Øysten Morten vidare, og boka har blitt ei omfattande og kontekstualisert historie der den nær tusen år lange soga til kyrkja vert rulla opp. Denne soga spenner frå det fyrste kyrkjebygget som lå på same staden via bruken av kyrkja, nikulsdyrkinga, ombyggingar på 1600 - talet, kvifor kyrkja ikkje vart riven slik som dei andre stavkyrkjene og fram til oppdaginga, defineringa og forståinga av stavkyrkja som kulturhistorisk minnesmerke på 18- og 1900 - talet. Gjennom heile denne historia går bygdefolket sitt tilhøve til kyrkja som ein raud tråd.
Boka spring ut av den interessa for stavkyrkja som har vore levande i lokalmiljøet. Mykje av kjeldematerialet er samla inn av folk i Vest - Telemark og stilt til rådvelde for forfattaren. I fyrste rekkje er det Eva og Kristoffer Mandt som har gjort dette. Dessutan har tilsette ved Vest - Telemark Museum vore eit fagmiljø som forfattaren har støtta seg til og drøfta tankar og idear med. Boknemnda er også sett ned av museet.
Dei eldste spora etter kyrkje på denne staden er stolpehol i bakken. Her sto kan hende eit kapell for ein eller nokre få gardar, truleg frå ein gong mellom 1050 og 1130. Det er gjort greie for vanskane med å tidfeste dei ulike bygningsdelane i den kyrkja vi ser i dag, noko som syner at stavkyrkjene er meir komplekse byggeverk enn vi kan hende har trudd.
Forfattaren går gjennom heile bygget og dreg fram ulike sider ved det, som vert sette inn i ein allmenn kulturhistorisk og religionshistorisk samanhang. Runeinnskrifter er gamle vitnemål, kan hende for å binde vonde krefter. Kyrkja vart truleg vigd til Sankt Nicolaus, som også fekk si kjende statue i kyrkja, truleg på den tida ho sto ferdig. Til denne helgenen er knytt jonsokritualet i og kring kyrkja. Korleis dette har vore gjennomført både som mellomaldersk helgendyrking for menneske med håp om helbreding og frelse og sist i boka som ritual i vår eiga tid syner det store spennet i religiøs oppfatning frå mellomardersk gudstru til postmoderne og omdiskutert iscenesetjing.
I tradisjonsmiljøet i Vest - Telemark har mange segner knytte til kyrkja overlevd. Forklaringa på det særskilde jordsmonnet innafor kykjegardsmuren skuldast at to jenter frå Vindlaus som hadde gjort ugjerningar så store at dei var dømde frå livet, kunne fri seg om dei bar jord til kyrkjegarden i forklea sine. Mange av truene kring kyrkja er knytte til kyrkjebygget som eit heilag bygg og den vigsla grunnen som ein plass med ei magisk-religiøs kraft. Avstand frå kyrke og altar til grav synte korleis dei gravlagde vart rangera i samfunnet. Og funnet av ei lita øskje med eit barneskjelett i kyrkjemuren i 1927 syner eit håp om å gi frelse til eit udøypt barn, som etter vanleg mellomaldertru var fortapt.
Gjennom religionshistorisk kunnskap om folkeleg - religiøs tenking i mellomalderen kjem også mange av bygningstrekka i eit interessant ljos. Ei lita opning frå svalgangen inn til skipet kan ha vore ei opning som spedalske fekk sakramentet gjennom. Religiøs tru og folketru vevd saman side om side har kjenneteikna det folkelegreligiøse livet heilt fram til vår tid - og gjer det ennå den dag i dag, om enn med andre verkemiddel enn i mellomalderen.
Ulike fenomen av materiell og immateriell art vert forklart og tolka. Lokale myter og segner er haldi opp mot mot skriftlege kjelder som kyrkjerekneskapene for å finne kva som er sanning og kva som er reine folkroristiske element eller seinare effektfull stas.
Kyrkja vert soleis eit bygg for religøse handlingar, men også eit objekt med høgst ulike symbolforståingar gjennom tidene. Bygget er det same, men ulike tider kan legge svært ulik meining i det. Veggdekorasjonar vert gøymde og henta fram att, ljosopningar tildekka og opna, kyrkjeutstyr henta inn og tatt ut av bygget. Pussige hendingar vert dregne fram på ein underfundeg måte, slik som da antikvar Nicolay Nicolaysen med stor entusiasme kunne berette om ei interessant oppdaging han hadde gjort bak himlinga som var lagt året før. Korleis kyrkja overlevde med sitt gamle preg kan ein takke folk med kulturhistorisk interesse som lensmann Peter Mandt og Simon Olaus Wolff for. Striden mellom sentrum og utkant i vår tid vert illustrert gjennom kampen om kva for ein stad den opphavlege Nikulsfiguren skal plasserast: Oslo eller Vest - Telemark. Symbol vert tolka - og feiltolka, slik som da Holy Riders på sine motorsyklar på veg til gudsteneste i kyrkja av Vest - Telemarkingane vart tekne for satanistar som ville brenne ho ned og vist langt av garde. Det var berre så vidt dei rokk gudstenesta og nattverden.
Verd å merke seg i boka er også dei teikningane som Anders Kvåle Rue har laga. Dei illustrerar tekststoffet med m.a. rekonstruksjonsteikningar av korleis kyrkja har sett ut til ulike tider og viktige bygningsdetaljar. Leif Jamtveit har bidrege med gode fotografi.
Boka er skriven på bakgrunn av ei moderne tradisjonsforståing der stavkyrkjehistoria er ein del av ei historie om folkeleg og kyrkjeleg religionsoppfatning, folketru og allmenn kyrkjehistorie. Når det gjeld den regionale og nasjonale samanhangen har boka kan hende ikkje fullt ut fanga opp nyare historisk og arkeologisk gransking, m.a. knytt til spørsmåla om kven som bygde mellomalderkyrkjene og kva for stader dei vart lagde på. Perspektivmangfaldet i Morten si bok gir likevel lesaren ei klargjerande, innsiktsfull og utdypande framstilling. Øystein Morten har med si bok gitt Eidsborg stavkyrkje ein kontekst som alle kulturminne fortener å bli sette i - skapt og forstått av levande og tenkande menneske til alle tider.

Tor Kjetil Gardåsen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar