torsdag 24. november 2011

Bilete frå dei gamle byane i Telemark (Trykt i Jol i Telemark 2010)




Av Tor Kjetil Gardåsen
Fotos: A. B. Wilse/Norsk Folkemuseum

Dei gamle byane i Telemark var små. Innbyggjarane dreiv med handel, handverk og utførsle av trelast og jarn. I fyrste del av 1800-talet budde kring 15% av innbyggjarane i Bratberg amt i byar. Dei ulike stendane budde på kvar sin stad i byen, og sentrum vart rekna som det beste området. Dei gamle byane var sette saman av fleire bydelar som nesten var som eigne byar.
Frå desse gamle byane er det teke ei mengd vakre fotografi. Dei kan fortelje om korleis byane var bygde og om korleis folk levde der.
-----------
Byar med få innbyggjarar
Dei gamle byane i Telemark fram til siste del av 1800-talet var handelsbyar der utskiping av tømmer og jarn, handel med ulike vare, sagbruk og skipsfart var dei viktigaste næringsvegane for innbyggjarane. Landbruksvare som korn og flesk vart frakta heim. Elles kom handverk og produksjon av ymse slag og i Skien også vassager til som næringsgreiner.
Det var ikkje nokon stor del av folkemengda i amtet som budde i byane. I Bratsberg Amt budde i 1801 om lag 6000 av ei folkemengd på kring 41 000 og i 1835 8409 av ei folkemengd på 59402 personar i byar og ladestader. Folketeljingane syner at dei som budde i byane i stor grad var fødde her eller i eit av nabosokna.
Sosialt vart folk i dei gamle byane delte inn etter stand. Den øvste gruppa omfatta høgare standspersonar, embetsmenn og folk med yrke som kravde akademisk eksamen. Til denne gruppa høyrde og større handelsfolk med eigne handelsgardar. Deretter kom ein middelstand med handverkarar, skipparar, mindre handelsfolk o. dl., og til sist småkårsfolk, arbeidarar, kvinner som forsørga seg sjølve og fattige.
Berre få menneske var verkelig rike. Jacob Aall skriv i oppteikningane sine at det i barndomen hans berre var få svært rike familiar i Porsgrunn; det var faren hans Nicolai Benjamin Aall og kammerherre Løvenskiold. “Kaster man et blik paa rækken av vore kystbyer henimot dette tidspunkt, vil man se deres merkantile og sociale liv behersket omtrent enevældig av disse faa mægtige slegter, som stod i et slags patriarkalsk forhold til sine mindre pengesterke omgivelser paa land og i by,” skriv Carl W. Schnitler i si bok Slægten fra 1814.

Midtbyen det beste området
Dei gamle byane før industrialiseringa var kjenneteikna av ei inndeling i område der dei ulike stendane budde på kvar sine stader innanfor byen. Det som kjenneteikna dette biletet var at sentrum var det beste og at verdet sokk mot utkanten av byområdet. Det sosiale mønstret var som ringar i vatnet.
I Skien teikna dette sentrum/periferimønstret seg tydeleg. Midtbyen var området for kjøpmannshus kyrkje, rådstue og latinskule, utanfor dette låg ei sone for mellomstanden, og i utkantane og forstadene budde arbeidarklasse og fattige. 

 
I Skien låg bygardar som høyrde til storkjøpmenn i sentrum kring kyrkja. Her låg og rådstoga og latinskulen. Det sentrale byområdet vart rekna som det beste, og sentrumstomtene var mest ettertrakta av dei velståande handelsborgarane. Biletet er frå Prinsens gate mot kyrkja og torget. Hjørnegarden til venstre med uthusa høyrde til Skiens apotek.
Foto: Telemark Museum. TGM-B.202.

 
Sentrumsgard i Langesund: Wrightegården.
Foto: A. B. Wilse/Norsk Folkemuseum. NF. W 17384.

Arbeidarar som budde tett ved arbeidsstaden
I byane fann ein og ei fordeling som gjorde at folk med same yrke budde i same område. Arbeidsstad og bustad for arbeidarar låg svært ofte nær kvarandre, bustadene låg ikkje sjeldan berre nokre få hundre meter frå arbeidsstaden. Teglverksarbeidarne budde t. d. kring teglverket på Fartangen på Blekebakken i Skien, flåtemenn hadde heimane sine i bydelar som Hjellen og Bakken tett ved elva, og verftsarbeidarar budde like ved verftet eller endatil inne på verftsområdet. Mønstret var svært rotfesta, og vi finn det til langt inn på 1900-talet; i folketeljinga for 1900 ser vi at porselensarbeidarane bur i ein sirkel kring porselensfabrikken og bryggeriarbeidarane på Lundetangen bur i den næraste krinsen kring bryggeriet. Dette vert særs tydeleg når vi ser at dei same yrkesgruppene er så godt som fråverande i andre bydelar. 


I dei gamle byane var vatnet den viktigaste transportvegen for tyngre vare. Dermed vart flate tomter mot vatn verdfulle for produksjon og lagring. Sjøhusa har danna karakteristiske gavlrekker i alle byar. I Langesund låg dei større handelshusa sine kornbuer i sentrum og reiskaps- og egnebuene til fiskarane utover i Vaterland.
Foto: A. B. Wilse/Norsk Folkemuseum. NF. W 03741.


På bileta frå dei gamle byane legg vi merke til alle dei stadene som vart bruka til opplag av trelast. Det låg tømmer- og bordstablar på alle flate stader i nærleiken av sjø og vassdrag. Opne plassar vart også nytta som hogsteplassar. Biletet er frå Tallakshavn i Kragerø, og vi ser m.a. Nordraachgården, som i si tid var landsted eller lystgard for familien Nordraach. Den vart riven midt i 1940-åra.
Foto: A. B. Wilse/Norsk Folkemuseum. NF. W 18267.


Tidlegare fanst det få måtar å endre terrenget på, og vegar, hustomter og hus måtte tilpasse seg etter forma på lendet, også inne i byane. I dag synes vi dette er pittoresk og sjarmerande, men i eldre tid førte det til at gater vart krokete og hustomter fekk ujamn form.
Fjell og knausar i byane danna skilje som kunne opplevast som hindringar og stengsle. “Kragerøs situasjon (beliggenhet) er ikke med de smukkeste,” skriv Thue i 1789. “Foruten at byen ligger ved foten av et berg, og at man om sommeren ikke kan komme dit landeveien, så finnes det også midt i byen fjell på forskjellige steder, som riktig nok er bebygget, men som hindrer at det ikke er anlagt flere enn tre ordentlige gater.” Slike skilje gjorde at bydelar blei liggjande skilte frå einannan som isolerte delar av byen. Frå Øya i Kragerø.
Foto: A. B. Wilse/Norsk Folkemuseum. NF. W 01015 og 18273.


Gatelaup i Kragerø. Hovudgatene var i nokre av byane steinsette med kulestein og
heller, men elles hadde dei berre sand som dekke. For køyrety baud bygatene på mange utfordringar. “Scheens Gader ere just ikke brilliant broelagte, men synes snarere, saavelsom Porsgrunds Gade indrettede til at skaffe Smed og Hjulmand vedvarende god Fortjeneste;” skriv Carl Løvenskiold i 1811. Det same var det i Kragerø, der ein på grunn av det ujamne terrenget kom fram berre “under en Slingring, der giver skikkelige Folk Udseende af at være Drukkenbolte.” Kragerøgata på biletet er likevel etter måten både brei og rett.
Foto: A. B. Wilse/Norsk Folkemuseum. NF. W 03739.
Gateløp som går langt attende i tida
Dei eldste gateløpa i byane skriv seg frå mellomalderen og 1600-tallet. Skien med si meir en 100 år lange historie som by har nokre gater som kan førast annede til mellomalderen, slik som Skistrædet. Dei gatene som kom til på 1600-talet var lagde etter eit rutenettmønster med rektangulære kvartal etter renessansemåten og fekk kongenamn som Dronningens gate, Kongens gate og Prinsessegaten. I Porsgrunn danna Storgata eit løp parallelt med elva, og gater parallelt med stranda kjenneteikna også Langesund, medan Brevik og Kragerø var tettgrodde trehusområde med i hovudsak krokete gatelaup. Thue (1789) skriv frå Kragerø at “...ei flere end tre ordentlige Gader ere her anlagte.” Krog Steffens skriv at ein av dei eldste allfarvegane i Kragerø må ha vore vegen frå Petershullet opp til torget. Også frå torget til kyrkja var det ein veg. Elles var det smale gangvegar i “Krog og Krik op mellem Knauserne”.
Gateløp og byform kunne vere stabile over lang tid og vart med tillempingar ført vidare gjennom hundreåra, jamvel etter bybrannar.
Eldre kart syner også sekundære gater med mindre breidd som skar seg gjennom kvartala. Dette var bakgater og smau for lokal transport. I opne byar som Porsgrunn låg uthusa rett ut mot løkkene utanfor byen. Dette ga lette transportvegar for jordbruk og husdyrbruk. Frå gardane her førte det inngjerda fegater ut til beitemarka. I andre byar måtte jordbruks- og husdyrtransport gå føre seg gjennom bygatene.
Utanfor gatene låg eit system av stiar og tråkk. I utkantane skapte gangvegar samband mellom husa, eller det var grusa vegar med gras på kvar side. I byar med meir kupert terreng, slik som i Kragerø, var det mange kleiver. Her var det på vanskelege stader lagt stokkar eller kavler på tvers som trinn, slik at ein lettare kunne gå opp og ned fjellet. Kavletrappa som låg der banktrappene i Kragerø går i dag, ga staden namnet Pinnebakken.
Mot slutten av 1800-talet vart mykje forandra i dei gamle byane. Ei ny sosial inndeling og ikkje minst ein ny bystruktur der verksemder som jarnbane, industri og offentlege innretningar fekk plass endra byen. Samdundes breidde byane seg langt ut over det gamle byområdet på det som var gamalt jordbruksland. Dermed var dei gamle trehusbyane for alvor på veg inn i ei moderne tid.

 

Thue (1789) skriv frå Kragerø at alle hus hadde hage. Dei kunne ha aprikosar, druer, frukttre og grønsaker. Det var store tre i hagane, i sume hagar valnøttre og kastanjetre, og når ein såg byen ovanifrå var den mest som ein stor hage der hustaka stakk opp og fasadane lyste opp innimellom dei lauvrike trekronene.
Foto: A. B. Wilse/Norsk Folkemuseum. NF. W 18276.

Litteratur:
Hopstock, Carsten: "Kirkegaten Kragerø - bebyggelsen i byens gamle sentrum". Kragerø 2001. Utgitt av Kragerø og Skåtøy Historielag. (s. 14, 19, 41)
Krog Steffens, H.: Kragerø bys historie. Kra. 1916.
Løvenskiold, Carl, (baron): Min norske reise. 1811. Ved Arne Johan Gjermundsen. Porsgrunn 2002. (s. 82)
Thue, Friderich Wilhelm: Forsög til Beskrivelse over Kragerø Kiøbsted og Langesund - Fiorden eller Scheens Kiøbstad med dens Ladesteder. Kbh. 1789
Aall Jacob: Jernværkseier Jacob Aalls optegnelser 1780-1800. Skien 1939. Utgitt av Historielaget for Telemark og Grenland.



 

 

 
 


 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar