søndag 13. november 2011

Vakre telemarksfoto frå 1950-talet (Trykt i Jol i Telemark 2009)


Tekst: Tor Kjetil Gardåsen
Foto: Gunnar Aaser/Telemark Museum

Ingress:
Tidleg på 1950-talet tok bokhandlar Gunnar Aaser i Skien ei rekkje fotografi frå Skien og Telemark. Han tok truleg bileta for å bruke dei til prospektkort. I 2009, etter at Gunnar Aaser var død, tok Telemark Museum over negativa. Her har me funne fram eit lite utval av motiv frå dette arkivet.

-------
Bilettekstar:
Frå Jernbanebrygga i Skien ein vinterdag tidleg på 1950-talet. Vi ser havnekranene og Union Bruk på Klosterøya i bakgrunnen. Lektrane er kan hende kollektrar som er dregi inn til skipssida for å bunkre kol til fyring av dampkjelen om bord. Snøen og det svake ljoset gir ei særeigen stemning der kranarmane på land og master og bommar på båten står som silhuettar mot den grå vinterhimmelen.
TGM-B.20494


Frå Åmot i Ytre Vinje. Her ligg Vinje Hotell, og bussar med lang motorkasse og bua bakende går til og frå i alle retningar. Ein enkel vegvisar på betongfundament syner vegane til Rauland, Seljord, Dalen og Haukeligrend. Ei einsleg høg bensinpumpe med glaskuppel og ei bu med opning med ein lem fortel om det tilbodet bilistane hadde på dette området. Ein interessant gjenstand som er komen med på biletet er vegskrapa. Den fortel om ei tid med holete grusvegar og eit vegmannskap som heldt på heile sumarhalvåret med stell og vedlikehald av grusedekket på vegane.
TGM-B.20596


Frå Vrangfoss sluser. I fyrste del av 1950-talet gjekk framleis dei gamle telemarksbåtane i fast trafikk med folk og varer. Her er lokalbåten Norsjø fotografert på veg ned slusene i Vrangfoss. Norsjø var ein kombinert båt for gods og passasjerar og gjekk i rute mellom Gvarv og Skien med mjølkedunkar og vare til landhandlarar og bøndar.
TGM-B.20535.


Frå Valle i Bamble. I dag som Valle er ein av dei mest hektiske feriestadene på telemarkskysten kunne kan hende mange ønske seg attende til denne fredelege idyllen tidleg på 1950-talet. Her er berre koggar og pråmar ved bryggene og lite med hytter. Det kvite huset i bakgrunnen er butikken på Valle, som vart driven av Ole Hafredal. I dag ligg det store handelssentret Sjøbua på denne staden med sine mange forretningar, restaurantar og flytebrygger, og store område er fylt ut i sjøen. Ved den vesle sjøbua til høgre ligg teiner, og eit styrhus for ein kogg er sett inn på brygga. Vi ser kysten slik som den fyrste generasjonen med feriefolk etter krigen fekk oppleve det.
TGM-B.20537.

Livleg båttrafikk i Brevik. På biletet kan vi sjå den gamle brua over til øya og mange slag farkostar i sundet. Opne koggar med bensinmotor er det vanlege, fiskeskøyter ligg ved bryggene, medan to gutar er ute i ein segldukskano - eit bilete tatt akkurat i rette augneblinken.
TGM-B.20547.

Dette biletet er tatt ved fergeleiet på Stathelle. Heilt fram til Breviksbrua vart opna i 1962 gjekk biltrafikken til og frå Sørlandet gjennom Brevik og Stathelle. På 1950-talet hadde biltrafikken auka kraftig og sprengt alle prognosar. På kvar side av fergeleiet var det kilometerlange køar sumarstid. Men fergetrafikken førte også mykje liv og røre med seg. Fergeleiene var samlingsstader for folk. På Stathellesida samla mannfolka seg ved "planka" på smieveggen der dei hadde oversyn over det meste. Mange dreiv med trafikkdirigering på eige initiativ i ledige stundar. På biletet er tidlege etterkrigsmodellar av bilar i ferd med å rulle i land, medan den kraftige Chevroletbussen står og ventar på passasjerane sine.
TGM-B.20551.

Eit av dei vakraste landskapa i Telemark er dette frå Lindheim i Nesherad mot Lifjell. Her ligg blømande frukthagar mot ein bakgrunn av snødekte fjell, og det er nok denne stemninga fotografen ville ha fram på biletet. Den lange rette vegstrekka frå Gvarv ligg som i dag, men her med grusdekke. Kvinna til høgre har på seg sommarkjole og dreg på ein solid svartlakkert damesykkel med kraftige ballongdekk - eit robust framkomstmiddel for grusvegane i Telemark.
TGM-B.20551.

Frå Herre i Bamble. Herre er ein gamal industristad, men den moderne storindustrien kom hit med skipinga av Bamble cellulosefabrik i 1888. Kring fabrikken vaks det fram eit heilt samfunn med forretningar, forsamlingshus, skule, kapell og mykje anna. Biletet er tatt mot Frierfjorden med husa på Herrejordet i framgrunnen og skulen i midten. Husa på Herrejordet er dels eldre hus, dels nye arbeidarbustader bygd frå kring 1905 og frametter. Mange av dei som budde på Herre hadde også jordbruk og kuer, som gjekk på beite i skogen rundt industristaden.

TGM-B.20550

(Trykt i Jol i Telemark 2009)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar