søndag 13. november 2011

Ei verd av tre (Trykt i Telemark Tidend)


Av Tor Kjetil Gardåsen

Livet i det gamle bygdesamfunnet var eit liv i tre - og med litt metall. Men metallet var dyrt, og ein måtte spare på det. Vi skal sjå nærare på alle dei tresakene som folk omga seg med i det daglege.

Korleis kan vi sjå for oss eit tilvere der alt som vert bruka er laga av tre og der jern er kostbart mest som gull og sølv? Slik var kvardagslivet for folk tidlegare. Nokre treting vart laga av folk på garden, andre av handverkarar, medan anna att vart framstilt i bygder som dreiv med spesialproduksjon av særskilde ting og selte gjennom omreisande handelskarar eller på marknader.

Dreia og lagga
Når vi set oss til eit festbord i dag, fortel dekketøy og spisereiskap om kva slag folk vi er hjå, d.e. kva for kulturell samfunnsklasse dei høyrer til. Er bordet dekt med porselen og telesølv, er det skikkeleg og ordentleg arbeidar- eller mellomklasse. Er det brukskunst og keramikk er vi hjå gamle sekstiåttarar som vil diskutere filosofi og samfunnsrevolusjon, og er det internasjonal design er vi komne til moderne og urbane menneske.
I gamal tid kunne ein og lese det same ut ifrå målinga på treeet. Fint måla drikkestell signaliserte bonde i øvre lag i bygda, og var det kjende målarar, ga det ekstra ære. Samstundes så nok byfolk ned på mykje av det trestellet som bonden omga seg med.

Brennevin til karar og kvende
Størst stas knytta det seg til drikkekar for sterkt drikke som øl og brennevin. På 1800 - talet hadde kvar bonde høve til å brenne brennevin av si eiga avling, og "ingen trong be honom to vendur," skriv Rikard Berge. I øvre Telemark fekk dei kjelar til å brenne brennevin med frå Bergen, og i Vinje og Rauland hadde dei gogn (utstyr) til å brenne med så å seie på kvar einaste gard. Til gogna høyrde brennevinskjel, brennevinshatt og to avlaupsrøyr, alt av kopar.
Til å drikke brennevinet nytta dei små svarva (dreia) trestaup. Rikard Berge nyttar nemninga bugge på nokre slike drikkekar, og ordet i denne tydinga kan kome av det germanske ordet bugg, som tyder å vere tjukk. Bugga kunne ha staup i båe endar, det eine litt mindre enn det andre. Det minste skulle kvinnene drikke av, heitte det seg. Utstyret til å drikke brennevin var mykje likt det til øl, men var mindre. 
 
Høne og gås
Det gjevaste trestellet var ølstellet. ¯lstellet fell i to hovudgrupper, ølbollane til å sende rundt frå mann til mann på den eine sida og småskåler og fuglar til å drikke einskjels av på den andre. Skikken med å drikke av små einskjelsskåler er i første rekkje kjend i Telemark og Setesdal.
Ølet vart bore opp frå tønna i kjellaren i store bollar eller trøyser, som er bollar med tut og handtak. På bordet sto ein stor ølbolle. ¯lfuglane er drikkekar eller ausekar til øl. Dei kunne brukast til å drikke av eller til å ause ølet frå dei store ølbollane og over i mindre ølskåler, som vart drukke av. Når ølfuglane ikkje vart bruka, flaut dei oppe i bollen.
Ølfuglane har ofte ei hank forma som hovudet på fuglen og ein stjert på motsett side. ¯lfuglane kunne ha form som høne, gås og andre fuglar.

Trekopp, treskei og vangar
"Bordreidingi var i eldre tid uvand. I dei gamle stogune hadde dei langbord, vanleg au ei skive til å slå upp; båe desse vart bruka til matbord, i kvardagslaget helst den seinste.  duka f˜r dei aldri med anna til hågtids, liksom dei til kvardags for det meste åt or trekopppar og bruka treskeiir. Kvar hadde si skei, som berre den eine nytta, etter maten sett i ein skeikamb på veggen.È
Frå Rikard Berge: Vinje og Rauland II 1944.

Bordstellet i tre var av mange slag. Vangaren var ein bolle eller skål med to øyre og var eit drikkekar som blei bruka til dagleg og til å setje bort mjølk i. Vangarar som er bruka til øl eller brennevin har gjerne måla eller skoren dekor, medan dei som er bruka til mjølk, er trekvite eller måla i ein farge utanpå. Snippebollen er og til å drikke øl eller mjølk av. Han er rund med fire "snippar" eller øyre som står ut ifrå bollen.
Maten, anten det var kjøtmat eller braudmat, hadde sine kjer. Skrunda var som ei kasse eller stor open øskje til å ha flatbrød i. Til smøret var det smørkanne, smørstaup og smørstett. Smørkannene kunne vere sylinder- eller spannforma, ha hank og hengsla lok og vere med eller utan bein, lagga eller dreia. Smørkanne vart bruka til servering av smør. Ho har rundt tversnitt, hank og hengsla lok, gjerne med skoren dekor i loket. Inne i loket har dei ofte rikt skoren dekor for å prege mønster i smøret. Smørstaupa har ymse former. Ein type er lagga, utan lok og hank, ein annan type er lagga med hank. Tre - fire stavar kan vere forlenga til bein. Smørstett er eit dreia fat med stett og med ein spiss tapp midt i til feste for smøret.
bruke tresaker kravde stell og vedlikehald av dei. Lagga trekar måtte trutnast i bekk eller vatn før ein kunne bruke dei, og det var vanleg å vaske dei med briskelog før ein tok dei i bruk.

"Nationale Udtryk"
Ein heil vrimmel av ord og nemningar er å finne på tresakene som folk bruka i gamal tid. "Man træffer ofte her paa smagfuldt dannede nationale Udtryk, hvor de andensteds mangle,È skreiv Ivar Aasen frå Telemark. Bollar, kar, koppar og såer hadde sine eigne nemningar som var del av ein rik og mangesidig terminologi. Men moderne menneske vert lett forvirra når dei skal skilje det eine frå det andre i dette myldret av ord og namn. Dei som bruka sakene til dagleg, visste derimot heile tida kva ein tala om, anten det var bugge, vangar, staup, skrunde, stett eller tumling.

Litteratur: Rostad, Bernhard og Stephan Tschudi - Madsen (red.):Norske antikviteter fra bygd og by.
Rikard Berge: Vinje og Rauland.

Alle gjenstandar frå Telemark Museum.


To små svarva trestaup til brennevin. Den kraftigaste vert kalla ei bugge.

Dramhest frå Nyli, Heglandsgrend i Fyresdal.


To grasiøse ølfuglar.



Flott dekorert tutekanne frå Vest - Telemark. Kanna er lagga, men gjort etter mønster av ei utbuka keramikkanne - eit vanskeleg stykke laggearbeid. Tuten er ein grein på den eine staven.


Treskei, tallerken (disk) og smørstett. Smørstett var eit serveringsfat til smør, eit rundt fat på skoren eller dreid stett. Midt i fatet står ein spiss tapp til feste for smøret.
Fiskefat frå Austre Straume i Drangedal. Den vesle skåla i midten var til smør.
Gaffel og kniv
"Gaflar bruka heller ingen; åtte eit hus eit par tvitinda gaflar, so var det å leggje fram for presten og fruva, eller for "storfanten" elles. Bordknivar kom venteleg heller ikkje i bruk fyrr etter 1700; derimot ser det ut til at jongar (eit slag stutte bordknivar) tolleg tidleg kom i bruk attåt tolekniv og leggjekniv, helst då for kvendi. Frå 1600 - talet hev me ymse mot av jongane i bruk i byen, og dei fann etter kvart vegen til avsides bygdar," skriv Rikard Berge i bygdesoga for Vinje og Rauland.

Når bruk av ting opphøyrer vert termninologien uviss og vaklande. I dag er stort sett nyansane i tilhøvet mellom ord og ting ukjende. Det råder ofte full forvirring om namet på ting som vert bydde fram på auksjonar og hjå antikvitethandlarar, og ikkje sjeldan tyr ein til reine fantasinemningar.

I kulturhistioriske verk skrivne av folk med sikker kunnskap, slik som Rikard Berge sine skrifter, finn vi den støe og tradisjonsfoankra terminologien.

(Trykt i Telemark Tidend)

Litteratur:
Rostad, Bernhard og Stephan Tschudi - Madsen (red.):Norske antikviteter fra bygd og by. oslo 1994. s. 104.

Bilettekstar:
Trøys er eit dreia eller uthola lågt, opent kar, rundt eller avlangt, med ein kort helletut og handtak. Ordet trøys kjem av det vestnorske trog. Trøyser blei bruka til å hente øl frå tønna med og å helle dei over i ølbollar og andre drikkekar. Trøys er eit kar med tut på ei side og handtak på den andre sida. På mindre trøyser drakk dei og av tuten.

Tvillingause/trillingause
To eller tre drikkeauser heng saman og er til å drikke øl eller brennevin av.

Tvillingause/trillingause
To eller tre drikkeauser heng saman og er til å drikke øl eller brennevin av.
Tekst 2
Bolle etter "Lange - Tov" frå Sandåk i Vinje

Denn som lidett kand aulle
och gierne will dricke
Stor Rigdom y Werdenn
bekommer hand icke. 1615.

Denne bollen frå Sandåk i Vinje er etter Tov Sandåk eller "Lange - Tov", som var lensmann i Vinje i 1600 - åra. Ein gong var futen var på Sandåk under eit ting. Lensmannen reiste ned i kjellaren med denne bollen og tappa øl. Han kom opp att med bollen full av øl, og som skikkjen var, drakk han futen til og tømde heile bollen i ein gong. Han reiste så ned i kjellaren att og tappa bollen full på ny og ga futen. Futen ville gjera like for seg i drykkjen, men det blei for mykje for han, han blei så full at han greidde ikkje taka imot skattane. Men Tov greide seg visst tolleg, endå bollen tok omkring 6 liter. "Lange - Tov" var 3 alen 17 tomar (over 2,20m), målet hans er i Neslands kyrkje den dag i dag.

Bildetekst:som skal registrere gjenstandar i dag nyttar særskilde nemningshefte for terminologi, såkalla nomenklaturar. Her er alle dialektnemningane som ein gjenstand kan ha skrive ned og med framlegg til ei standardnemning. Her ser vi ...... korleis ei så enkel ting som .... har hatt eit utal av namn. .....
Frå "Nomenklatur for melkestell." "Nomenklatur for drikkestell."

Staup
Dei fleste av sølvstaupa er laga i byane, men dei var vanlege hos bøndene over heile landet.
Lauvstaup
Staupa har to former, anten som pokal (bikar, beger) eller som kulestaup. Pokalen har si form frå renessansen. Eit vanleg namn på dei er lauvstaup, av di dei har skålelauv eller små flate bitar (snippblekkje) hangande kring seg. Dette syner samanhangen med bondesølvet.
Kulestaup
Kulestaupa er små, låge sylvstaup på 3 kuler med mykje gravering, ofte og eigarbokstavar.

Tumling
Tumlingen er ein liten halvkulelaga bolle. Han kunne "tumle", d. e. rette seg opp att om ein tumla han ikring på sida.

Løvekanne
Ei stor gruppe kanner er dreia med løver på føtar, gjekk og lok. Dei har vore masseprodusert på ein eller fleire stader på Austlandet. Ein kjenner disse "løvekannene" frå tidleg på 1700 - talet.
1. Skje (sleiv) SM 406
2. Tallerk av tre.
3. Sølvstaup i vinglasform. Bergensstempel. BM 1918 - 19:74.
4. Lauvstaup i pokalform. Bergensstempel. Frå Nes i Seljord. BM 1925 - 26:5.
5. Beger av sølv. Vinglasform. SM 117.
6. Ask av spon med kilesnittmønster. SM 339.
7. Smørkanne. SM 2423.
8. Fiskefat. BM 1912:564.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar