søndag 13. november 2011

Isbruk i grenlandsfjordane - arbeid, menneske og miljø (Trykt i Årbok for Telemark)


Av Tor Kjetil Gardåsen

Enno kan ein komme over mange av dei gamle isdammane kring fjordane i Grenland. Nokre få står med vatn i som Tangendammen på Skjelsvik og Lundedammen på Heistad. Men dei fleste er overgrodde med skog, og berre eit søkk i terrenget og god lokalkjennkap fortel oss at her har det vori stor aktivitet ein gong. På nokre stader kan ein sjå flotte steinmurar, som t.d. i Versvika i Eidanger, Storrmyr opp for Flakvarp i Solum og ved Skjerke i Bamble.

Med åra har det tynna seg ut i rekkjene av dei som har vore med på verkeleg issjau. Da moderne kjøleteknikk etter kvart vann innpass, vart denne naturmåten å kjøle ned mat på overflødeg, og med det gjekk den omstendelege og arbeidskrevjande måten å skjere, lagre og skipe ut is på av bruk. Det er no meir enn 40 år sidan den siste islasta gjekk ut ifrå Grenland, og etter kvart vert dei som hugsar arbeidet, teknikken og ikkje minst menneska borte. «Issjau trur jeg er det moroaste arbeidet jeg har vært med på noen gang,» fortel Anders Nenseth på Stathelle, som var med på Omborsnesdammen i Bamble nokre vintrar sist på 40-tallet. «Ikke minst alle typene som var med - og alle de historiane som du hørte!»

Isarbeidet var eit arbeid som mange tok del i, sjølv om det først og fremst var eit mannsarbeid. I isarbeidet kunne både sterke og føre arbeidskarar, unggutar og gamle gjere nytte for seg. Det fall i ei roleg tid på året med lite anna å gjere og med skutene heime i vinteropplag. Og medan isbrukseigaren ergra seg over snøfall og tanken på auka kostnader med å måke isflata, sat folk rundt i stogene og såg for seg ei kjærkomi ekstrainntekt i tillegg til den vanlege skjeringa og stuinga.

Arbeidet på isbruka gjekk ut på å produsere isblokkar av ferskvassis frå dammar og tjern, lagre blokkane i store ishus eller isbingar nede ved fjorden og skipe dei ut til land i Europa, m.a. England, der dei kunne brukast til å kjøle ned mat, t.d. i isskåp. Den første islasta skal ha gått frå Noreg i 1822, den første frå Kragerø i 1835 1), frå Grenland i 1839, medan den siste frå Grenland gjekk frå Thorsens isbruk i Surtebogen i Bamble i 1962. Geografisk var det kyststrekkja frå og med Oslofjorden og til litt sønnafor Risør som var hovudområdet for iseksport. Lenger sør vart vintrane litt for milde. Men Grenland var eit sentralt område - med fjordane i Bamble og Eidanger som dei største eksportstadene.

Isbruk - ei forretningsverksemd med mykje uvisse
Til å drive isforretning var det knytt ei rekkje tilhøve som isbrukseigaren langt ifrå var herre over. Både naturen og menneska sine luner spela inn. Frå Bua isforretning i Mørjefjorden finst det ei dagbok frå 1894 til 1898 ført av H. M. Albretsen frå Brevik, som åtte isforretninga. Denne gir eit innblikk i drifta ved isbruket og alle dei naturgitte og menneskelige tilhøva som ein isbruksdrivar måtte hanskas med.

Veret
Kulde var bra, og isen la på seg og vart tjukkare. I dagboka vert det i disse åra rapportera om istjukkleik på Buadammen opp i 20-21 tommar (om lag 50 cm).
Ved snøfall måtte isen måkast. Med stendige snøfall kunne måking bli eit drugt og kostbart arbeid. I 1893 vert det rapportert at ein gongs snømåking kostar 40 kroner. Dette tilsvara om lag 20 dagløner for en arbeidar.
Mildver, ofte med sludd eller regn, gjorde at isen minka i tjukkleik. Mildver kunne og sinke arbeidet med å legge inn i ishusa. Ved milde vintrar måtte ein vurdere tidspunktet for når ein skulle ta inn isen, anten om ein skulle vente og sjå om det kom kulde så isen la på seg, eller om ein skulle ta inn isen i ishusa før den smelta heilt bort. Ofte måtte ein ta avgjerd om isen skulle selgjast til lave prisar eller om ein skulle la den liggje og vente på betre prisar. Slik kunne isen bli liggjande i ishusa i fleire år.

Prisar
Prisane på is hadde samanhang med om det var milde eller kalde vintrar. Sterk kulde i Nord-Europa kunne føre til mykje is på marknaden i Noreg og andre land, slik at prisane vart lave. Frå 1898 finst denne optimistiske innførsla: “Alt tegner til at blive et glimrende Isaar. Hele Tyskland lige til Rusland, Danmark, Sydsverige og Vestnorge maa kjøbe Is.” I slike år med stor etterspurnad og gode prisar vart det og skori is på vatn lenger inne i landet som Oklungen og Bjørkedalen. Isen vart frakta m.a. på jarnbane ut til kysten. 
 
Arbeidarar og hestar
Arbeidsløna var i desse åra på 2 kr. pr. dag à 8 timar.
På isbruka måtte ein og ha tilgang på hestar. Å køyre is frå vatn lenger unna kravde mange hestar. I dagboka frå Bua står det at for å køyre frå Langevann til Buadammen ville det vere ønskeleg med 30 hestar. Det lyktas i alle fall å få tak i 23-24 hestar som køyrde samstundes.
Arbeidarar som streika kunne derimot vere ei hindring som plutseleg kunne oppstå når alt anna såg ut til å gå som smurd. Når det var vanskeleg å få tak i folk, kunne arbeidarne presse lønene opp. Isbrukseigaren måtte her vere diplomat og var ofte særs interessert i å finne ei løysing. “Thorsdag Middag vilde omtrent samtlige Folk strike hvis de ikke fik yderligere Paaleg og maatte jeg efter Underhandling love dem 25 øre mere frå Fredag Morgen,” har Albretsen ført, inn og greide også denne gongen å få verksemda i gong att.

Ville ikkje reddast av ein jentunge
Under isarbeidet måtte arbeidarane vere på vakt mot dei åpne råkene som etter kvart danna seg og utgjorde ein stadig større del av dammen. Av og til hendte det at ein skjerar eller ein annan hamna uti, men som regel var det folk i nærleiken som kunne hjelpe den uheldige opp att. Dei gamle la likevel stor vekt på å vere verdige i slike situasjonar. Dette illustrerar ei historie frå isdammen på Bua. Anders Martin Auen var så uheldig å gå å råka da han skulle på arbeid. Den første som kom til for å berge han opp var ei jente. Men Anders Matin nekta; han ville ikkje la seg dra opp av råka av en jentunge. Han valde derfor å bli liggjande i det kalde isvatnet til det kom ein mann som kunne trekkje han opp på isen slik at han kunne karre seg opp på det tørre med ære.

Gav ham en stor Cognakdram” - om isbrukseigaren som doktor
Ikkje berre arbeidarar som streika, men og sjuke arbeidsfolk fell det i isbrukseigaren sitt lodd å ta seg av. Var det lite folk å få tak i, måtte han freiste å få dei sjuke på beina att så snart som råd. Isbrukseigaren måtte derfor fungere som doktor for arbeidarane. Brennevin vart på denne tida sett på som medisin mot det meste, og Albretsen sine innførslar i dagboka fortel om korleis han i mange høve bruka dette med stort hell:
... Cornelius Vervaagen der laa syg af Colik da jeg kom ned. Gav ham en stor Cognakdram med 30 Draaber Kamfer og Dagen derpaa en lignende Dosis og dermed var Fyren saa god som før-roste mig stærkt som en flink Doktor. Saa var det Sofus Bastiansen han faldt paa Ryggen paa Stentrammen udenfor Huset. Jeg gav ham Spiritus med Terpentin at gni sig med og hjalp ham det strac saa han Dagen efter var i Arbeide.” “Paa Veien til Langevand mødte Ieg en Kjører der havde saa græsselig Mavesmerter-Sendte op en flaske med Kamfer Draaber & Brændevin.” “Isak Bassebo hørte jeg senere maatte gaa tilsengs alvorligt forkjølet-Sendte ham Kamfer & Cognac.”


Arbeidet på isbruka
Arbeidsteknikk og - reiskap på isbruka har vore skildra av fleire, og framstillinga nedanfor er derfor berre ei summarisk gjennomgang av korleis det gjekk føre seg. M.a. har Mads Olsen skrive ein instruktiv og grundig artikkel om dette i årsskriftet til Kragerø og Skåtøy Historielag i 1981.

Snømåking med skuffer, hestar og bilar
Snø som la seg på isen var eit stort hinder for verksemda ved alle isbruka. Dessutan skulle den isen som vart skoren vere stålis - engelskmennane forlanga å kunne lese «The Times» gjennom isblokken, heitte det seg. I snørike vintrar kunne snømåking bli eit omfattande og vedvarande arbeid, som førte med seg nokre ekstra kroner for dei som dreiv med det, men ein ekstra kostnad for isbrukseigaren. Isen vart måka med ei rekkje ulike reiskap: store jarnspader, slodder, vipper, skraper og plogar. Sørpe på isen som fraus måtte høvlast av med ein ishøvel som vart trukken av hest. Mads Olsen har i artikkelen sin gjort greie for desse reiskapa og korleis dei vart bruka.

På 1900-talet vart det gjort fleire freistnader på å mekanisere ulike sider ved drifta på isbruka. Ved Bua isforretning i Mørjefjorden prøva ein i 1920-åra t. d. å mekanisere måkinga ved å bruke ein T-Ford. Bilen vart frakta på lekter frå Brevik rundt Håøya, og frå til brygga på Bua og opp til dammen vart det hogd ut ei brei gate i skogen, der 5-6 hestar trakk bilen opp. Da bilen var komen på plass på dammen, fekk han spent snøplog foran. Men det visa seg snart at han var for lett til å måke tung snø, slik at han berre vart ståande og spinne på den glatte isflata. Etter denne freistnaden var T-Forden ståande ved Buadammen i mange år som noko merkverdig her inne i skogen, men til slutt vart han trilla ut på isen og forsvann i dammen da isen smelta på våren. Ennå i dag ligg T-Forden på botnen av Buadammen.

Skjering med plog og sag
Isblokkene skulle ha ein viss storleik. Ein reiskap kalla oppleggjar eller riss sørga for rett breidde på rebbene. Denne hadde ein styringskant av et flatjern og skjer som ei grov sag, forutan handtak om lag som på ein plog. Oppleggjaren vart trukken av hest, og styringskanten følgde kanten på den førre rebba, så rebbene som vart merka opp heile tida fekk same breidde. Etter denne oppmerkinga tok skjeringa av rebba langsetter til. Dette vart gjort med hestedregen isplog. Isplogen hadde lange grove skjer om lag som eit stykke av ei diger sag, vart dregen av hest og pløygde seg ned i isen om lag 1,5 tomme i kvart trekk. Å trekke denne var eit tungt arbeid for hesten. Til slutt vart rebba løsna med ein isløsar, eit spett, etter at breidda på blokken var avmerka. Rebba vart fløta ned til ein stad i nærleiken av der dei skulle halast opp frå tjenna.

Her venta skjerarane. Isskjerarane sto med sine karakteristiske store grovtanna og nærast mannshøge issager på rekkje og rad og var eit særprega syn på alle isbruka. Det kunne vere opptil 12-14 av desse etter kvarandre. Saging var hardt arbeid og kravde arbeidsføre karar. Arbeidet ga ei viss prestisje ut ifrå handlag og styrke. «Noen av issagerane var noen fæle busær,» hugsar Anders Nenseth. Saginga hadde dessutan eit element av kapping i seg, der det galdt å vere først ferdig med å sage gjennom rebba. Arbeidet var tungt, sjølv om det ikkje var så ille som den fine byfrua som vitja eit isbruk trudde. Ho undra seg på korleis den karen som drog på undersida av sagbladet klara seg og om han ikkje trong opp og puste av og til.

Blokkene vart så løsna ifrå einannan med ein ispigg og var klare for å dragast opp på isplan før dei skulle ut i renna. For å få blokkane opp hit måtte dei som regel dragast oppover, anten av 2 mann med ei stor hake, såkalla damhake, eller av ein dregg eller «grabb» med piggar festa i wire som gjekk gjennom ein blokk og ein hest som drog i wiren. Å gå med denne dreggen eller grabben med piggar på var gjerne eit «guttungearbe`», eit monotont, men lett arbeid. Frå planet vart blokkane sende vidare ut i renna. Rennene var digre og lange konstruksjonar, ofte på hundrevis av meter, og der det var bratt kunne blokkene få stor fart. Isblokkar i fart var på ingen måte ufarlege, og det var montert ulike innretningar som skulle bremse på farta i renna, t. d. den såkalla raspa, eit bord med store spiker tett i tett, eller ein iskniv som høvla av toppen på blokkane.
Når isarbeidet gjekk føre seg var det naudsynt med eit slags signalsystem langs isrenna. Dersom dei som sto ved «rennehuet» på toppen av renna og sendte isblokkene ut i renna måtte stoppe, måtte dei som få melding. Det kunne vere eldre folk som hadde slike signaploppgåver, og dei plasserte seg ein stad langsmed renna med der dei så oppover og nedover og kunne vere utstyrt med t. d. eit horn som dei tuta i. Ein slik vaktmann hadde ein gong rigga seg til med barhytte og bål for å halde varmen, men somna, og i mellomtida gjekk renna i sund på ein kritisk stad. Dermed gjekk isblokk etter isblokk i stor fart ut av renna og i dalen nedanfor.

Etter at blokkene hadde nådd enden av renna, skulle dei inn i ishus og isbingar for lagring. Ishusa var digre hus og utgjorde eit karakterisk innslag langs fjordane gjennom lang tid. Dei lå ofte 5-6 stykke på rad etter einannan med gavlane mot sjøen. Ishusa vart fylte anten gjennom «stiffer», opningar i veggen i ulike høgder, eller blokkene vart heiste ned i huset i tau med heisesaks som greip over blokka eller såkalla taske, ei jernkorg som blokka vart lagt i. I ishuset vart blokkene lagt i lag eller såkalla florer, og å legge dei øvste florene vart kalla å kiste. Til dei øvste høgdene vart det bruka ei kisterenne som blokkane blei dregi oppover med såkalla kistekrokar.

Å drive isforretning var ei uviss næring, som hadde noko av den same spenninga i seg som fisket. Den svinga mellom gode og dårlige år, men i dei gode åra kunne det vere stor utførsel og mange etableringar av nye anlegg. Harald Hals skriv at det i Eidanger i åra frå 1895 til 1909 var 31-35 isbruk i bygda med til saman over 50 ishus, medan over 700 mann skar frå 60 000 til 90 000 skipstonn is. Den samla verdien svinga mellom 150 000 og 600 000 kroner, i stor mon etter som prisane svinga. Dei varierte mellom 2 og 8 kroner for tonnet. 2) Tar ein med dei andre isproduserande kommunane, vert tala for Bratsberg amt meir enn dobbelt så høge. Ikkje utan grunn har isutførsla vorte sett på som ein forløpar til den moderne storindustrien som nokre tiår seinare kom til å gjere sitt inntog i nedre Telemark.

(Trykt i Årbok for Telemark 2004)

Noter:
1. Olsen 1981:14.
2. Hals 1968 46 ff og 137 ff.

Kjelder:
Arkivalia:

Manuskript om isforretninger i Grenland utarbeidd av Vidar Reinertsen, Porsgrunn.
Dagbok frå Bua isforretning.
Vardens fotoarkiv 1953-1965 oppbevart ved Telemark Museum. Fotos av Torbjørn Stenstadvolden til Bjørn Øvrum Nielsens reportasje fra Thorsens isforretning, Surtebogen, Bamble. Arkivert 21/2-1962.

Aviser:
Nielsen, Bjørn Øvrum: «Nå synger is-sagen på siste verset.» Varden 3/3-1962. (Reportasje om den siste islasten fra Thorsens isforretning i Surtebogen i Bamble.)

Munnlege kjelder:
Opplysingar frå Åse og Sam Wiborg, Brevik og Anders Nenseth, Stathelle.

Litteratur:
Hals, Harald: Eidanger bygdehistori. Band II. Porsgrunn 1968 s. 46 ff og 137ff.
Olsen, Mads: «Issjau i Kragerø-distriktet». Budstikker gjennom lokalhistorien. Årsskrift 1981 for Kragerø og Skåtøy Historielag. Kragerø 1981.




















Bilete 14
Stranddammen isforretning i Surtebogen var den isforretningen som dreiv lengst i grenlandsfjordane. Den siste senongen var i 1962, da gjekk kontraktane om levering av is til svenske fiskarar ut, og dermed var det slutten på ei verksemd som hadde gått føre seg i Grenland sidan sist i 1830-åra. Varden ved Bjørn Øvrum Nielsen og Torbjørn Stenstadvolden laga reportasje frå isbruket den siste sesongen.
Bruket blei i 1962 drivi av Isak Thorsen. Det var far hans, Thor Andersen Sortedal og den eldste broren hans, Anders Thorsen, som hadde tatt til med isbruket i 1882. Den gongen hadde dei bygd ein jorddam, den første i distriktet. På denne 8 mål store dammen blei det årlig tatt ut 16-1700 tonn is. På Stranddammen i Surtebogen arbeidde 5-6 mann og ein hest med å skjere dei store isblokkene.
Foto: Varden ved Torbjørn Stenstadvolden februar 1962. Telemark Museums fotosamling.

Bilete 13:
Isdammane skulle helst liggje nær fjorden og høgare enn denne, slik at det vart eit fall der ein kunne sette opp ei isrenne der blokkene seilte nedover av eiga tyngde. Stranddammen er bygd som ein jorddam. I bakgrunnen ser vi der blokkene vert halt opp til isplanen og herifrå sendt ut i renna. Ein kar som dei nokre stader kalla «dukker`n» førte isblokkane bort til opptakarane. Isdammar som var kunstig bygde av jordvollar eller steinmurar kunne tappast om sommaren og botnen av dammen dyrkast opp.
Foto: Varden ved Torbjørn Stenstadvolden februar 1962. Telemark Museums fotosamling.

Bilete 8 og 9
Skjering av is med handsag. Issagene var av engelsk stål og opptil 180 cm. lange. Ofte var det mange isskjerarar som sto på rekkje og skar, og det var kapping mellom dei om å skjere først over rebba. Isskjerarane kunne vere bønder, tømmerhoggarar og lausarbeidarar.
Foto: Varden ved Torbjørn Stenstadvolden februar 1962. Telemark Museums fotosamling.

Bilete 12
Den siste tida vart motorsag med sirkelsagblad teki i bruk for skjering av is. Den motordrivne saga har ein skjerm over bladet så ikkje skjeraren skal få vass-spruten over seg. Framfor skjeraren ligg ein oppleggjar eller riss, ein reiskap som vart trekt bortover isen for å merke av breidda på rebbene.
Foto: Varden ved Torbjørn Stenstadvolden februar 1962. Telemark Museums fotosamling.

Bilete 3 og 7:
Isblokkene vart tatt opp av dammen av ein eller flere opptakarar med damhake og for å dragast opp på isplanet. Ein dregg eller grabb hukar tak i blokken, og eit tau går gjennom ein blokk og vidare til ein hest som dreg blokken opp.
Foto: Varden ved Torbjørn Stenstadvolden februar 1962. Telemark Museums fotosamling.

Bilete 4
Oppå isplanet. Her vart blokkene dratt med ei svær drasaks bort til «rennehue», og herifrå sendte ut i renna. Blokkene kunne få stor fart dersom rennene var bratte, og det måtte lagast ulike innretningar som kunne bremse på farta, t.d. rader med store spikrar.
Foto: Varden ved Torbjørn Stenstadvolden februar 1962. Telemark Museums fotosamling.

Bilete 10
Blokken vert sendt ut i renna frå rennehovudet på toppen. Best fart fekk blokkene om det var 5-6 kuldegrader. Da fraus vatnet på blokkene til eit islag i renna. I renna var det ulike innretningar for å bremse på farta: raspa som hadde spikrar, iskniv som høvla av toppen på blokkene eller ein motbakke, «isbukk».
Foto: Varden ved Torbjørn Stenstadvolden februar 1962. Telemark Museums fotosamling.

Bilete 1
Isen blei lagra i digre ishus, som innvendes var kunne minne om store iskatedralar. Var prisane låge, kunne eigaren la blokkene liggje i ishuset i fleire år for å sjå om prisane steig. Ishusa låg mellom tjernet og utskipingsstaden, ofte nede ved fjorden. I dag syner store murar og fundament stader for gamle ishus. Ishusa hadde bindingsverk med bordkledning utvendes og innvendes og med sagflis imellom som isolasjon. Dersom ishusa vart fulle i gode vintrar, vart isen lagra i isbingar. Dei hadde ikkje tak, men høvelflis på toppen som isolasjon. Isbingen var den som vart brutt først om våren.
Foto: Varden ved Torbjørn Stenstadvolden februar 1962. Telemark Museums fotosamling.

Bilete 2 og 5, evt. også 6 og 11
Ishusa blei fylte gjennom «stiffer», dører i ulike høgder der isrenna gjekk inn. Stuerane i ishusa hadde ishaker som var kledde med jarn langt oppover skaftet. Skulle blokkane opp i høgda, vart dei dregi opp langs slisker eller i ei kisterenne ved hjelp av kistekrokar. Å leggje dei øvste laga vart kalla å kiste.
Foto: Varden ved Torbjørn Stenstadvolden februar 1962. Telemark Museums fotosamling.










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar