torsdag 24. november 2011

På oppdagingsferd langs telemarkskysten (Trykt i Jol i Telemark 2011)





Frå Korset, Skåtøy.




Frå Portør.
Tekst og foto: Tor Kjetil Gardåsen

Mange båfolk og turistar legg turen til telemarkskysten kvar sommar på jakt etter naturopplevingar og stader som er verd å vitje. Kva kan vi finne i bukter og viker langs denne kyststripa som strekkjer seg frå Mølen i aust til Gjernestangen i vest, og kva fortel disse stadene om kystfolkas levemåte i tidlegare tider? 
--------
"Dristige eventyreres altfor tidlige død"
Til innleiing kan det vere på sin plass å minne om at reisande ikkje alltid har funne denne kyststrekkja like innbydande som det feriefolk i våre dagar gjer. Nokre av dei eldre skribentane fann kysten i Telemark både skrekkeleg og skremmande. Engelskmannen John William Edy kjem med denne åtvaringa om Langesundsfjorden i 1800:
"Dette er et av de storslagne steder i Norge som man fortrinnsvis finner i traktene noen kilometer fra kysten.
På grunn av kastevindene eller de plutselige vindstrømingene som med stor voldsomhet hiver seg frem mellom fjellene, er det uhyre farlig å navigere i dette farvann, og resultatet er mange triste ulykker, ofte med dristige eventyreres altfor tidlige død blant klipper og i skoger i disse ubebodde strøk.
Av og til hersker en dyp stillhet, ikke et blad beveger seg, intet menneske eller dyr er å se. I slike øyeblikk får de gjenstander som gjenspeiler seg i sjøen nedenunder en magisk virkning. De usedvanlige lyseffekter, vannets store dybde og renhet, det stadig skiftende fargespill, tåkedisen og skyene, og andre enestående virkninger, frister en til å tro at dette er en ny verden."
Slike målande skildringar kan vere vanskelege å få til å stemme med slik dei fleste opplever dei heimlege fjordane våre i dag. Men eit følsamt sinn påverka av naturmystikk og stemningar kan få landskapet i sine mange avskugningar til å framstå som både valdsamt og nifst.

Steindalder i åsane
Dersom vi søker etter dei eldste kulturspora, må vi eit godt stykke opp i åsane. Dei fyrste stadene menneska slo seg ned, steinalderfolket sine boplassar, låg på stader som i dag er å finne om lag 20 meter over havet. Den gongen låg slike sesongboplassar i sjøkanten, men landhevinga har løfta dei langt oppover i kollar og åssider der vi framleis kan finne spor nedi bakken. Det er gjort interessante utgravingar på disse boplassane, slik som Rognlia i Langangsfjorden, der ein har funne ut at det har stått eit hus inntil en bergvegg, eller dei arkeologiske utgravingane som vart gjort sommaren 2011 i samband med registreing av fornminne langs den nye jernbanelina mellom Larvik og Grenland. Og trass i den "enkle teknologi" som steinaldermenneska hadde, er det rekna ut at dei trong færre timar til å skaffe seg det dei måtte ha til livsophald enn vi gjer i dag med alle våre tekniske hjelpemiddel.

Dei mange små kystbruka
Frå dei siste hundreåra kan vi sjå hus og plassar i mange viker og bukter. Dei er kan hende ikkje det vi fyrst legg merke til når vi ser innover mot land frå sjøen. Men dei har ei plassering som er lun og skjerma når ein skulle bu her heile året og ikkje trong å tenke på brunfargen når ein skulle attende på jobb etter ferien. Vi finn slike små bruk og strandsitjarhus spreidde på alle øyene og langs fjordane, og det er mange av dei om vi ser etter.
Mange slike plassar vart etablerte på 1800-talet. På denne tida var folkeveksten var stor, og ei rekkje plassar på holmar, nes og nær sjøen vart tatt opp til bustader. Den tradisjonelle levemåten i skjergarden var livberging av det som sjøen og jorda ga i kombinasjon med anna arbeid. Helst skulle det vere litt dyrkingsjord. Bryggene vart lagde i le for veret og slik at det var lett å segle ut og inn. At ein ikkje berre måtte leve av jordbruk var ei av årsakene til at det vart etablert så mange strandsitjartomter, husmannsplassar og mindre kombinasjonsbruk i kystområda. Ei kombinert natural- og pengehushaldning var ei livsform som vart sett på som både trygg og livskraftig og mindre sårbar enn t. d. det einsidige jordbruket i innlandet.
Fiske, sjøfart, isbruk, danmarksfart, losing, vraking og på 1900-talet sommargjester var nokre av dei tilleggsutkoma som kystbuarane kunne ty til. Jordbruket var eit vekselbruk i hovudsak med handreiskap. Slått vart gjort med ljå og rive, og høyet vart mykje tørka på bakken. Jord måtte fraktast i pram til dei minste øyane. I dei små hageflekkane hadde dei purre, selleri, lauk, pastinakk og poteter. Få av bruka ved kysten hadde hest. Det kunne dei leige frå gardar lenger inne nokre dagar i våronna når det skulle pløyast. Fisket var makrellfiske mellom våronn og slåttonn, hummarfiske på hausten og sildefiske i dei åra da det var sildeinnsig på disse delane av kysten.
Ragnar Knutsen fortel om bruket der han vaks opp ved Skjensund i Skåtøy: "Hjemme var all ting i miniatyr. Det var låve med rom til to kuer og gris og låvebru. Det var endevegg som var kledd med borda langsetter til å kaste kornet mot. Så hadde vi et uthus som de kalte bukkehuset eller geitehuset, og vi hadde stort, deilig bryggerhus med vedskjul i den ene enden. Og et stort og godt båthus, der hadde de en gang bygd båter. Det var slik at båtene kunne gli ut.
Så hadde vi sommerfjøs et stykke opp i eiendommen, Sommermyra, med fjøs til tre kuer. Og så var det brønn til å ha melka i med en stokk med spiker til å henge spannet, så det var ordentlig veslevoksent."

Nøysame menneske på små holmar
Dei som levde i skjærgarden var ikkje av dei velståande. Framleis lever minne etter dei nøysame menneska som sleit seg gjennom tilveret på små bruk her ute ved kysten. Når det kneip, kunne dei fortelje at: "vi hadde i alle fall reservegrisen." Det var salta haustål. Denne måtte dei ty til når det var ordentleg "på knipa", t.d. dersom det hadde lagt seg is i fjordane og det ikkje var råd å kome seg ut og fiske. Men det skulle helst ha vore eit såpass godt hummarår at ein kunne få lagt seg opp litt kontantar slik at ein tålte dei isvintrane som kunne kome. Dersom berre ikkje "håmmåren" svikta og ein greide å få nokre ordentlege gode fangster så ein fekk gjort opp kreditten og kan hende fekk bytta ut noko, t. d. ein motor, byggjematerialer eller litt garnutstyr, så kunne ein vere fornøyd.
Av og til gir folketeljingane eit gløtt inn i skjebna til enkeltmenneske i skjergarden, t. d. dei som sleit seg gjennom tilveret som vanføre eller i stor fattigdom. I folketeljinga for 1875 finn vi enka Karen Kirstine Knutsdatter som budde aleine på Korssundholmen ved Skåtøy. Ho var forsørga av fattigvesenet, og i teljingsskjemaet står det at ho er "Sindsvag efter 4de Aar".
Utover på 1900-tallet vart bustadene ved kysten sett på som meir tungvinne å bu på enn dei lenger inne. Sjøen batt, men is og uver kunne og vere hindringar for ferdsle og samkvem. Å flytte lenger inn på land eller inn til byane vart for mange sett på som eit lette i tilveret. Og kunne ein få selt det tungdrivne bruket ved sjøen til folk som var interessert i å ha det som feriestad, vart ein sett på som sers heldig.
I dag er det få som bur fast i skjergarden i høve til tidligare tider. Folkemengda i gamle Skåtøy kommune er på kring ein tredel av det den var i 1900. Da var det om lag 150 fastbuande i Gumøy krins. I 1980 var det rundt 20. På Jomfruland bur det i dag kring 80 menneske, på Stutsholmen bur det ein mann. Skjærgarden har i etterkrigstida blitt meir og meir feriefolka sitt område.

Sommarvillaen - eit byhus ved sjøen
Også hytter og landstader kan vere underhaldande å sjå på når ein ferdas langsmed kysten. Dei fyrste sommarvillaene som høyrer til det moderne ferielivet, vart oppførte frå 1890-åra og frametter. Dette var sommarhus bygd av grosserarar, kjøpmenn, brukseigarar og andre velståande byborgarar.
Sommarvillaane for denne samfunnsgruppa skulle vere ein representativ boform. Med sitt utstyr og innreiing skulle dei signalisere at eigaren var ein mann med formue og sosial posisjon. Husa var bygde for store selskap og hadde eit eller fleire stasrom. Ved flyttinga ut hit måtte ein ha med seg mykje mye innbu og utstyr. Fleire hestelass med møblar var ikkje uvanleg når familien flytta ut for sommaren: sengeklede og husgeråd, klede i store korger, lenestolar og andre møbel, sommargarderobe med finhatt, sundagshatt, kvardagshatt og regnhatt. Mange av gjenstandane var vel så mykje "statussymbol" som bruksgjenstander.
Det kom opp fleire sommarvillaer inst i Eidangerfjorden frå sist på 1800-tallet og frametter. På denne tida lika byfolk det idylliske, mjuke og og skjerma landskapet inne i fjorden heller enn det opne, vide og nakne ute i skjergarden. Og i strandkanten låg det badehus og båthus for lystbåtar så blanklakkerte og skinnande at det var utenkelig å ikkje ha dei under tak.

Hyttekos på knøttsmå rom
Eit stykke ut på 1900-talet tok mindre hytter til å kome opp i fjordområda. Dei var sette opp av vanlege menneske frå middel- og arbeidarklassa og var enklare og mindre enn dei gamle sommarvillaene. Nå skulle livet ute i naturen vere enklare enn heime i byen. Natursynet hadde endra seg. Etter kvart trakk hyttebyggjarane seg lenger utover i fjorden og med tida heilt ut til den ytste del av kysten.
Dei fyrste folkelige hyttebygga var gjerne knøttsmå hytter på berre eit rom som fortel om eit hytteliv med små krav. Men mange menneske fekk plass disse knøttsmå hyttene der folk sov på benkar og under benkar, på bord og på golv. Dei levde eit nøysamt liv i små buer som hadde den same plasseringa som dei gamle kysthusa - lunt i bukter og viker eller i ly av ein knause. Mange slike hytter var bygde for å ha ein stad å liggje og fiske til vinterforsyning for seg og familien. Folk tok seg fram i pram med årer, eller i ein åpen kogg med motor til å sveive i gong.
Den typiske hytta frå mellomkrigstida har 2 - 4 rom og veranda på framsida. Hytta måtte byggjast med så lite pengeutlegg som råd, og det finst talrike historiar om gamle bygg som folk fekk rive og som vart frakta av stad. Mange tok ned gamle smier eller løer, fløta materialane vassvegen og sette dei opp på idylliske stader. Og slekt, familie og folk som ein arbeidde saman med stilte opp på dugnad. Hyttebyggjaren med familie låg ikkje sjeldan i telt på hyttetomta både ein og to somrar medan bygget reiste seg.

Frå hytte med pram til glasfasade og rib
Dei siste tiåra har nye retningar og smakar kome inn i hyttebygginga. I dag finn ein både enkle og meir påkosta utgåver av hytter om einannan. På 1980-tallet dukka postmordernismen opp som hyttestil med si blanding av ulike arkitekturelement som vart sette saman på nye og overraskande måter t.d. tårnoppbygg, uregelmessege bygningsformer og søyler som rein dekorasjon.
I dag er det ei retning med bruk av naturstein, store glasflater og treverk som leier den stilmessige utviklinga. Det er også andre båtar å sjå ved hyttene i dag enn før. Riben, cabincruisaren og den gamle trekoggen utgjer eit trekløver av farkostar ved mange brygger - kvar til sitt bruk og med kvar sitt meiningsinnhald. Det fortel både om problemfri økonomi, men også om haldningar til båtlivet der ein har eit blikk både framover og bakover i tida: effektivitet og nostalgi.
Skjergarden har gått gjennom ei utvikling som få ville ha trudd. Frå å vere bustad for dei fattigaste i samfunnet er den i dag tumleplass for dei med mest pengar. Ein holme der det knapt var mogleg å fø ei ku kan i dag seljast for titalls av millionar. Skjergarden fortel derved mykje om det norske samfunnet og velstandsutviklinga gjennom 1900-talet.
........

Kjelder:
Gardåsen, Tor Kjetil: Kysguiden Telemark. 2000.
Gardåsen, Tor Kjetil: Kystguiden Skagerakkysten. 2003.
Ramberg, I. C.: Boken om Eidanger. 1917.
Opplysingar frå Henry Hvalvik, Hvalvika, Bamble.


Bilete
Av og til hersker en dyp stillhet, ikke et blad beveger seg, intet menneske eller dyr er å se. I slike øyeblikk får de gjenstander som gjenspeiler seg i sjøen nedenunder en magisk virkning. De usedvanlige lyseffekter, vannets store dybde og renhet, det stadig skiftende fargespill, tåkedisen og skyene, og andre enestående virkninger, frister en til å tro at dette er en ny verden."

 
dsc 7183
Frå Korset ytst på Skåtøy, ei gamal loshamn. Staden har truleg namnet sitt frå at det har stått ein hamnekross (gno. hafnarkross) på fjellet som synte sjøfarande at her var det hamn å finne. Losverksemda på Korset var serlig knytt til Per Korset, som kom hit kring 1860, og hans næraste familie. Dei små kvitmåla husa er frå 1800-talet, men nokre er eldre gavlhus som er ombygde. Mellom stokkane er det brukt sjøgras i staden for mose til å tette med. Bortsett frå sjøbu og grisehus hadde husa på Korset ikkje særskilte uthus eller bryggerhus, men husa hadde bakaromn i stogebygningen. Uthusfunksjonane var for fleire av eigedomane samla i sjøbuene, t. d. fjos.
Foto: Tor Kjetil Gardåsen.

 
dsc 0690
Lite bruk som ligg lunt ved sjøen i Kjølebrønn ved Kilsfjorden. Bruket har nokre av dei vanlege husa for eit kystruk med stoge, bryggerhus og brygge med sjøbu. Eit fjos høyrde og til.
Foto: Tor Kjetil Gardåsen.

dsc 0739
Løene ute ved kysten er små. Høyet vart frakta i hus med handmakt. Frå Portør.
Foto: Tor Kjetil Gardåsen.

dsc 0150
Den vesle dyrkingsjorda ute ved kysten vart godt utnytta. Kjøkenhagar og små åkrar hadde jord som vart henta frå holmane ikring. Vekstane var kjøkkenvekstar som gulrøtter og charlotteløk. Tang vart bruka som gjødsel. Frå Korset.
Foto: Tor Kjetil Gardåsen.

dsc 1047
Små velstelte prydhagar høyrde til husa ute ved kysten. Frå Korset.
Foto: Tor Kjetil Gardåsen.


dsc 0031
Bryggerhusa på kystbruka er knøttsmå og sjarmerande.
Foto: Tor Kjetil Gardåsen.
































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar