søndag 13. november 2011

Rikard Berge si store folkeminneinnsamling (Trykt i Jol i Telemark)


Av Tor Kjetil Gardåsen

Side i skrivebok med tradisjonsnedteikningar av Rikard Berge
Trollkjerringar som sette einannan stemne i tårnet på Brunkeberg kyrkje, deildegastar som bar på tunge steinar og prestar som mista heile kortleiken ut over kyrkjegolvet. Dette er noko av den rike og forunderlege tradisjonen som folkeminnesamlaren Rikard Berge har teikna ned frå Telemark. Frå 1900 og frametter skreiv han innpå 800 fulle kladdebøker med folketru, segner og soger.
-------------
Folkeminne og tradisjonsstoff har alltid hatt ein sentral plass i telemarksbygdene. Segner om menneske og hendingar har blitt fortald folk imellom, og nokre personar i bygdene vart sogeberarar med godt minne og god forteljarevne. Slike menneske søkte Rikard Berge opp tidleg på 1900 - talet. I dag er dei tettskrivne kladdbøkene frå desse samlarferdene eit skattkammer med segner og soger, forunderlege forteljingar, overraskande hendingar, løglege replikkar - og litt bygdesladder innimellom.

Tussar som menneske
Trua på overnaturlege vesen som underjordiske, tussar og haugety var levande i Telemark langt fram i tida, og Berge fekk mange forteljingar om opplevingar knytt til dette.
Underjordsfolk, slik som haugfolk og hulder, levde i si eiga verd side om side med menneska. På mange måtar var den underjordiske verda eit speglbilete av menneskeverda. Dei underjordiske levde slik som folk gjorde, berre at mykje var motsett.
Tussane budde i haugar og hamrar, dei hadde kyr og sauer og ungar med raude toppluver. Og dei hadde gleder og sorger som folk flest. Rett som det var kom folk og underjordiske i kontakt med einannan. Ungane kom ut av haugen og leika med ungane på garden til dei vart ropa inn i haugen att av mor si. Og buskapen deira gjekk og beita ute i skogen. Å stå på god fot med underjordsfolket var viktig. Berge har skrivi denne vesle soga frå Kilen ved Flåvatn: I Sud - Kilen var det ein tusse av underjordsfolket. "Der skulle vera ein tusse i Sud - Kjilen, aa den dyrka di saa paa, di bar ut mat ti `n kvar høgtidsefta." (RB Bok 76 s. 97).
Ikkje sjeldan ønskte underjordsfolket å gifte seg med vanlege folk. Mange jenter var plaga av tussefriarar og visste ikkje si arme råd kva dei skulle gjere. "Anne Aarusmoen ha` ein tussebl. som komm ti «o alla kvellar i viko berre ikkje torsdagsvellæn`," står det i ei nedteikning frå Seljord frå 1910. Ho gjekk til presten, som sa hoss ho skulle fara, mellom anna bere ein breskebusk inn i stoga. (Bok 85 s- 84).

Trollkjerringtreff i Brunkeberg kyrkje
At vanlege kvinnemenneske kunne vere trollkjerringar herska det liten tvil om blant folk flest. Det syner alle hekseprosessane på 1600 - talet. Det galdt berre å finne fram til kven som var trollkjerringar. I folkefantasien danna det seg segner om kva trollkjerringane dreiv på med når dei var samla. Tårnet i Brunkeberg kyrkje var ein slik samlingsstad, og den som oppdaga dei her, kunne få ublid handsaming:
"Steinar Aase va` mæ Bronkberg kjørkje om paaskeftan aa saag trollkjæringen, aa daa saag `n di upp-i taarne seks - sjou av dei gjildaste kjeringar i bygdi, mo` haanoms aa prestekjeringji aa andre. Men de gaadde `n, aa hengd `n etter nasan ut - igjenom kjørkjegluggje aa truga `n paa livet at `n skulle `kje seia dæ ti nokon." (Bok 81 s. 15. Seljord 1910)

Deildegast
Eit anna mytisk vesen var var deildegasten, attergangaren etter ein som hadde flytta grensesteinar eller deildesteinar medan han levde. Deildegasttrua var forankra i det gamle bondesynet at eigedomsgrenser og bytesteinar var ukrenkelege og ikkje skulle rørast. Deildegasten f™r kvilelaust ikring med tunge steinar for å freiste å setje dei attende der dei hadde stått. Men han klara det aldri og vart slepande på desse tunge børene til evig tid. Reint ille var det om han hadde kasta grensesteinen ut i ei tjønn. Da måtte han hente steinen opp att frå botnen. Sterke Nils såg ein gong ein slik deildegast på Seljordshei: "Sterke Nils saag ein mann i Svartetjørn paa Jellstadheidi. Han kom upp i vatnskorpa med ein bytestein, og snart han kom upp - i, so maatte han ned - i att, og daa huva `n so fælt. Han heldt paa saag `n lyfte mange vendur." (Gunnar Godlid, Kviteseid 1909. Bok 67 s. 92)

Prestar med svartebok og kortleik
Prestane hadde mange segner knytt til seg. Nokre av dei skulle ha svarteboka. "Steinar Aase skulde hava laant svarteboki av Seljordspresten, og gav 10 dalar for laanet." (RB Bok 85 s. 32 Seljord 1910.) Nokre prestar var friske av seg på andre måtar: "Landstad, gamle, var ymis etter kvendi. Han stengde seg inne med Ingebjørg Hyttedalen, ei møykjering fraa Lisleherad, i kyrkjestogo i Aamotsdal. Der er eit eigi rom med eigin inngang." (RB Bok 69, s. 13 Seljord 1910)
Andre prestar att, slik som Jens Zetlitz i Kviteseid, synte folkelege trekk og tok del i både kortspel og brennevinsdrikking: "Setliss hadde sotu tura, aa saa hadd `n komme ti vaaga om at `n skulle nevne alle kortbla`a i preika si. Aa de gjorde `n ou. "Spar os Gud," sa `n " at ikke djævelen kløver disse ruder og river vore hjerter," sa `n. Saa vant `n da. - Ein a`n gong hadde di stappa kortleiken i samarielomma hannoms, aa den drog `n opp mæ lommetørklæe, saa korta floug aaver heile kjørkjegolvet. "Saaledes spredte Gud Israels børn aaver Egypten," sa `n." (Bok 76)

Register på 97 bøker
Det var kjent i Telemark at Berge hadde skrivi opp mykje. Han bruka stoffet i sine eigne bøker, slik som bygdesoga for Vinje og Rauland, men ut over dette var det få som hadde fått tilgjenge til dette store materialet, som med tida fikk nærast ein mytisk dåm over seg. Etter at Berge døydde i 1969, vart handskriftene kjøpt inn, m.a. med ei løyving frå Norsk Kulturråd. Fylkeskonservator Halvor Landsverk sytte for det. Materialet er i dag i Telemark Museum med kopiar ved Høgskulen i Rauland og Norsk Folkeminnesamling. Materialet er tilgjengeleg, men brukarar må rekne seg god tid - Berge sitt eige handskrivne register er på heile 97 skrivebøker. Men materialet er ei kjelde for generasjonar framover, anten ein driv med allvarsam kulturgransking, eller ein vil sjå etter om det kan liggje ei løgleg soge frå nabogarden mellom permane i dei tettskrivne kladdebøkene.
(Trykt i Telemark Tidend eller Jol i Telemark)

Bilete:
Berge ved skrivebordet i arbeid med folkeminneskriving.

Brunkeberg kyrkje. Her eller i den gamle kyrkja samla trollkjerringane seg i tårnet påskeeftan.

Side med nedskrifter frå Rikard Berge sine bøker.

mmmmmmmmm

Ein del av nedskriftene høyrer vel nærast skrønene til. Dette er løglege historiar og "rispur" om hendingar, og ein kan velge å tru på dei eller ikkje. "Dæ hev eg hørt, om han som hoppa ette ikonn`n. Han saag ikonn`n hoppa fraa graan ti graan. "Vaagar du deg som er liten, vaagar eg meg som er stor," sa `n aa hoppa etter aa slo seg i hæl." (Bok 79) Andre er gode replikkar som kunne gå på folkemunne i lang tid: "Kvandbekken kom til byen. "Ligg isen der uppe?" sa dei. "Ja visst ligg `n, sto `n uppe, så ha` me sett `n hit," sa `n. "Dæ ska heitas dæ, at alle som hev vore paa straff, hev `kje skuggje. Men hott d `æ i dæ, veit eg kje," er notert frå Hjartdal. (Bok 93 s. 96 Hjartdal 1910. Etter Anne Kvaale) "Ein Gunnuf fraa Finnekaasa i Gransherad letst (drukna) upp-i enden paa Tinnsjaa, og dei kunde `kje finne `n. Drog til Kongsberg etter ein kvit hane, og den gol ut-for Lønvik, og der fann dei `n." (Bok 96 Hjartdal s. 65) "Vikingskipe kalla Injebjørg Aasen de skipe som skulde liggje i ei noko stor tjørn noko sud paa Mælefjøll. Kjølen laag att der uppkvelvd til i manneminne. De var eit fælt verke. Den som havde bygt de var ein viking, som hadde gjort so mykje vondt at han laag der i mange aar gøymd, og hadde detta skipsarbeide til tidtrøyte." (Bok 97 s. 89 Hattdal 1910)

Møaas - sugga dæ æ ein stein som hev legje paa tvo steinar i Møaas - gjore. Dæ va` ein blaastein, som va` saa fælt eit kjempelyfte. (RB Seljord 1910 Bok 72 )


Greggarsvok heiter ei vok i Sundsbarmvatnet uppmed Gullnes - tangen.

Brennevinsbrenning hadde dei mangstad. Paa Klomset brende dei og laag og fylde seg kvar dag mest, ei tid. (RB Bok 69, s. 9. Seljord 1910)

Far bruka paa Midbøn aa der va` aller stilt paa høgst˜go. Me hørde de tassa aa gjekk s˜ snart med hadde lagt kaan, aa ti slutten blei me so vane mæ dæ at me agta de kje. Der va` aller rolegt der. (RB Bok 69, s. 9 Seljord 1910)

Hellandane, felemakaræn, di va` i kvenni aa m˜l, der stekte di aa aat.
Fra Kilen fortelles sagnet at mannen i Nord - Kilen hogg ned mannen på ¯verland med øks. Han måtte rømme og lå i skjul i en steinur ovenfor Nord - Kilen, som ble hetende Mannslagarurdi. Dit bar de mat til han. Men han ble lei av å ligge her og meldte seg selv. (RB bok 76 s. 97)

Orm
Hallvor Lia saag ein orm paa Lindalen (ved Brakandalen) i ein honhoug, der va ei gamal sag der. men den hadde maan som ein hest aa han ha `kje tort paa `n aa slegje `n hott `n hadde faatt." (Bok 76)


Trollkjerringar eller gyvrer er det også mange segner etter. Mange berghamrar og store steinar har segner om slikt knytt til seg. "Gjyvri pa Fosseim aa gjyvri paa Rynjom va` so vonde paa enan di vill` slaa enan i hæl, aa kasta stein etter enan. Naa stend der att dessan steinæn`," heiter det frå Seljord. (RB Seljord 1910 Bok 72 )

Den slemme synte seg
Mange stader i tradisjonsmaterialet kjem det fram at sjølveiget var viktig for dei gamle telemarkingane. Johannes Skar skriv frå Setesdal at å vere sjølveigar - "um det hadde de so sterke tankar", gardane måtte aldreg "koma på rekomÓ. Gard og ætt var uskiljelege som "tonni or hausen". Segner fortel om kor gale det kunne gå når gardar blei selte, og serleg ille var det dersom garden blei selt til andre enn bøndar. I Kilen synte "den slemme" seg fleire stader etter at ein gard var blitt selt til Aall`en:
"Den slemme synte seg på Røyrhelle, utan - for Kilen, dei sat der spela kort. So kom der inn ein kar, og sette seg til spila med deim. Men so gjekk han ut - att. Daa segjer Hans, det var far til Anne som fekk Steinar ¯verland: "Nei karar, naa maa de bie ti `n kjem innatt denna karen." Men han kom `kje. - I same tid saag dei honom i Kile - kvennhuse, han kom inn til mylnaren med han stod m—l, han var so stygg og vanskapt. Men mylnaren krossa for seg og las fadervaar, og daa kvorv de. - Mest samstundes saag Gunhild Surtmyr noko fæle hendar taka inn - yvi døri hennar. Alt dette meinte dei var for Olav Rude nettupp døyde daa, og han hadde gjort svik, de var han som valde at søndre Kilen kom or ætti og i hendane paa Aall (ikr. 1780)." (Bok 69 side 31. Eventyr og segner 1909.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar