lørdag 12. november 2011

Kan me høyre på Ronald Holmberg med godt samvit? (Trykt i Telemark Tidend /Varden 2003)


Av Tor Kjetil Gardåsen

Populærmusikken fløymer ut over landet. Bensinstasjonane melder om skyhøge salstall for pensjonistar frå Heistad og husmødre frå Skien, og folk vert rivne med. Kultureliten går på si side hardt ut mot slik populærmusikk. Dei fortel oss at dette bør ein ikkje like.
Me som har lite forstand på musikk vert rådville. Me høyrer at me kan like tradisjonell folkemusikk som Buen Garnås, men ikkje folkeleg musikk av i dag som Heidi Hauge. Strykekvartett går, men ikkje Sputnik. Country, jazz og gospel vil liggje i et mellomområde der det må gjerast vurderingar i kvart einskild høve. Noko vil truleg falle innanfor, noko utanfor.
På kva for stader går så grensene i dette landskapet? På kva for ein stad bør eg slutte å like noko og ta til å like noko anna? Eg freister på eige hand å finne fram til kva ulikskapen kan gå ut på. Kan det vere knytt til storleiken på ensemblet? Eg ser raskt at eit symfoniorkester har eit anna format enn Ronald med musikkvener. Men så finst det klassiske utøvarar som står fram aleine på scenekanten eller i små grupper. Så var ikkje det nokon god målestokk. Kor kompleks musikkformen er kan vere eit anna kriterium. Men heller ikkje her kjem eg fram til noko eintydig. Til det er musikkformene altfor ulike og vanskelege å jamføre.
Forvirringa fører derimot tankane vidare til korleis slike skille vert skapt. Kven er det eigentleg som står bak arbeidet med å setje dei opp, og kvifor tar dei nå på seg bryet med slikt?
Eg vel å gå til den franske kultursosiologen Pierre Bourdieu i ein freistnad på oppklaring. Spørsmålet er: kvifor vert nokre kulturytringar reikna som langt meir verdfulle enn andre? Kva er eigenleg den gyldige kulturen, og kvifor er det akkurat denne?
Bourdueu, som har arbeidd med spørsmål knytt til kulturelle skille sidan 1960-åra, er ein kompleks tenkjar, og ikkje veit eg om eg lykkast i å få fram innsiktene hans i nokre få liner. Bourdieu opererer med mange omgrep, men i denne samanhangen kan omgrepa smak og kulturell kapital vere nyttige. Ifølgje Bourdieu er det einskilde former for kulturell kapital som vert sett på som overlegne i høve til andre. Ved dette vert dei også meir å streve etter. Desse kulturformene er det den dominerande klassa som har eit privilegium på å definere. Den er ikkje blitt tildelt det frå nokon, men den tar det sjølv. Kulturell ulikskap vert omskriven til kvalitetsmessig ulikskap - ein i og for seg svært dristig og diskutabel manøver. Den klassiske musikken vert gjennom dette opphøgd til ein musikkform som i alle høve vil ha ein høgare kvalitet enn andre musikkformer. Eit slikt grep er eit nokså finurleg kunststykkje, der ein går til det skritt å meine at dei andre greinene ikkje under nokre høve vil vere i stand til å nå opp mot den godkjende genren.
Ein som med den rette kulturelle kapitalen i kroppen tar skrittet inn i samfunnslivet har ein stor føremon. Men denne kulturelle kapitalen må altså vere av det rette slaget. Ein kan kome med strykekvartetten og til naud også med feleslåtten, men truleg ikkje med lågkulturelle ytringar fra bensinstasjonane sine hyller. Da vert ein møtt med eit overberende smil.
Biletet er likevel ikkje statisk. I massane vil det stadig vere dei som strevar mot å kome opp på det nivået der eliten er. Ofte er dette ikkje mogleg. I mange høve må ein vere fødd inn i det. Og når dei likevel har kome dit, har eliten kan hende flytta seg vidare - til nye uttrykksformer og genrar, som gjer at dei tidligare ytringane ikkje lenger er gyldege. Deira posisjon vert med dette like vanskeleg å nå.
Eliten har altså gitt seg sjøv eit privilegium med å definere kva som er dei verkelige verdiane i livet. Det vil knapt la seg gjere å definere dei som kvalitativt overlegne ut ifrå nokon objektiv skala, men det vert gjort rett og slett av di eliten vel å definere dei på denne måten, m.a. i kraft av deira maktposisjon. Det kan sjøvsagt haldas fram at kvalitet kan målast eller vurderast, men det vil vere lettare å gjere det innanfor same genre enn mellom ulike genre. Det finst gode danseband likefullt som det finst middelmådege symfoniorkester. Ein kjem knapt nokon veg ved å jamføre Bach og Beatles.
Innanfor denne tenkjinga vil musikksmak og annen smak derfor ikkje i første rekkje vere eit spørsmål om kvalitet målt etter ein viss skala, men eit spørsmål om kven ein ønskjer å vere. Det moderne mennesket har heile tida høve til å gjere val knytt til val av identitet, d. e. på kva for ein stad eg ønskjer å plassere meg innanfor kulturen, kven eg vil identifisere meg med og kven eg vil framstå som. Til dette er smaken eit av dei viktigaste reidskap. Eg har med det fridomen til å velgje. Eg kan streve mot sosial oppdrift og gå på konsert, eller eg kan velgje å bli der eg er, lene meg attende og la Ronalds "Eidangerfjorden" tone utover i sommarkvelden. Dette er ein del av den fridomen eg har som moderne menneske.
(Trykt i Telemark Tidend 2004)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar